Hopp til innhald

Fagstoff

Litt om ulike ventilar

Offshore finst det mange ulike typar ventilar. Her ser vi litt nærmare på nokre av dei.
Ventilratt på oljeplattform i Nordsjøen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Sentralt i emnet:

Ulike ventiltypar

  • stengjeventil
  • sluseventil
  • tilbakeslagsventil
  • fjernoperert ventil
  • manuell ventil


Offshore blir det ført væske i ulike system gjennom installerte røyr, mellombelse røyr og manifoldar og fleksible slangar. Alle røyrsystema er knytte til tank, pumpe og ventilar. Mellom tankar, pumpar og manifold er det ulike typar ventilar.

I denne samlinga av tekstar og bilete fokuserer vi på informasjon om eit utval av dei ventilane du kan møte i jobben din offshore. Her dekkjer vi ikkje sikringsventilar som fungerer som brønnbarrierar.

Handbok om ventilar

Norsk olje og gass har laga ei handbok der dei omtaler ulike typar ventilar, oppbygning og funksjon og namn på ventilane og delane i ventilane. Handboka forklarer korleis ventilane blir utsette for krefter og slitasje, og korleis ventilane kan opererast og haldast ved like.

Open/stengd-ventilar:

  • sluseventil (gate)
  • kuleventil (ball)
  • spjeldventil (butterfly)
  • pluggventil

Reguleringsventilar:

  • seteventil (globe)
  • nåleventil (needle)
  • membranventil (diaphragm)
  • tilbakeslagsventil (check)
  • strupeventil (choke)

Filer

Skisse av ein seteventil. Ulike delar er markerte med nummer og piler, men ikkje namn. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fjernopererte ventilar

Nokre ventilar blir opererte mekanisk, det vil seie at vi snurrar på eit ratt eller vrir ein hendel. Andre ventilar blir opererte frå eit panel og styrte med luft eller hydraulikkvæske. Ein fjernoperert ventil kan bevegast ved hjelp av ein posisjonsregulator. Her kan du setje deg inn i korleis dette fungerer.

Les meir om reguleringsventilen, og fordjup deg i korleis reguleringa fungerer.

Reguleringsventil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppslag på nettet

Wikipedia har ei veldig god oversikt om ventilar. Der finn du gode skisser og forklaringar. Lenkja fører til ei side på engelsk, noko som gir deg høve til å bli betre kjend med omgrep som er relevante i fagmiljøet.

Les meir om ventilar på Wikipedia.

Butterfly-ventil med elektrisk aktuator. 3D-illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hydraulisk- og pneumatisk-opererte ventilar

Alle store ventilar som blir opererte frå eit panel, blir opererte ved hjelp av anten lufttrykk, hydraulisk væsketrykk eller ein kombinasjon av hydraulikk, pneumatikk og elektriske signal.

Her er litt om desse ventiltypane.

Symbol − hydraulikk

Symbol − pneumatikk

CC BY-SASkrive av Industriskolen, Rune Mathisen, Sissel Paaske og Reidar Nornes. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 26.06.2018

Læringsressursar

Automatiserte systemer i boremodulen