Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Andre økt med kart og kompass

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet får du ei vidaregåande innføring i bruk av kart og kompass. I tillegg lærer du om bruk av handhalden GPS. Oppdraget bygger på det du lærte i første økt med kart og kompass.
Nærbilete av kompass som ligg på eit kart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette skal vi gjere:

Et kompass peker mot en fjelltopp. Foto.
  1. Vi repeterer stoff om kart, kompass frå det første arbeidsoppdraget om kart og kompass.
  2. Vi går gjennom ulike karttypar og korleis vi finn nøyaktig posisjon på eit kart ved hjelp av koordinatar og bruk av handhalden GPS.
  3. Vi tek på uteklede, tek med kart (M711 i målestokk 1:50 000) og kompass (to og to deler eitt kart og eitt kompass) og går ut. To og to jobbar saman om oppgåvene, og heile gruppa skal halde seg nokolunde nær kvarandre slik at læraren undervegs kan hjelpe dei som treng det.
  4. Finn ut kvar du er på kartet, målestokk, ekvidistanse og desse kartteikna nær deg: bygning, veg, sti, lauvskog, barskog, myr, vatn, bratt skrent, slak helling, dyrka mark.
  5. Finn dei same stadene i terrenget.
  6. De skal finne ein stad der de kan brenne bål og ete matpakken dykkar, og de bruker kart og kompass til å finne ei god rute dit. To og to skal foreslå ein stad og ei rute dit. Staden skal:

    1. ligge ved eit vatn
    2. ligge tørrlendt (ikkje myr)
    3. vende mot sør
    4. ligge cirka 1 time unna til fots (vi går cirka 3 km i timen)
  7. Finn fram til ein veg å gå dit som

    1. ikkje kryssar dyrka jord
    2. helst ikkje følger bilveg
    3. ikkje passerer bratte skrentar og tett skog
    4. går i tørt lende
  8. Vel eitt av forslaga etter at alle har presentert forslaget sitt til stad og rute.
  9. Ta ut kompasskurs til to sjølvvalde vegpunkt og den felles staden klassen valde for matpause (jobb to og to saman).
  10. Ta matpause.
  11. Finn nøyaktige kartkoordinatar for staden der de har teke matpause.
  12. Øv på å bruke handhalden GPS for å finne stader i nærleiken (læraren oppgir stadene).
  13. Bruk kart og kompass til å finne ei rute heim til skulen (to og to jobbar saman). Krav til ruta:

    1. ho skal ikkje gå den same vegen som de kom
    2. ho skal gå i mest mogleg tørt lende
    3. ho skal ha minst mogleg høgdeforskjell
    4. ho skal innehalde to vegpunkt
  14. Når læraren har godkjent ruta og vegpunkta, kan de gå tilbake til skulen.
  15. Vent på skulen til alle har komme.
  16. Fyll ut eigenvurderinga og lever ho til læraren.

Dette treng vi:

  • dagstursekk
  • mat og drikke for å vere ute heile dagen (gjerne varm drikke på termos)
  • klede og sko å vere ute i

Læraren sørger for kompass og kart over området. I dag skal de bruke kart i målestokk 1:50 000 (M711-serien).

Etter denne økta kan du

  • å ta ut kompasskurs frå ein stad til ein annan
  • å finne høgdekurve, målestokk og ekvidistanse på det aktuelle kartet
  • forklare kor langt 2 cm på dette kartet er i verkelegeheita
  • å lese kart med målestokk 1:50 000 og å finne dette både på karta og i terrenget: bygning, veg, sti, skog, myr, vatn, bratt skrent, slak helling mot vest, dyrka mark
  • forklare forskjellen på dette kartet og orienteringskart
  • forklare kva som kan få kompasset til å vise feil retning
  • finne og oppgi kartreferanse for eit punkt på kartet
  • forklare korleis du kan bruke ein handhalden GPS til å finne fram frå ein stad til ein annan
  • forklare fordelane og ulempene med GPS samanlikna med å bruke kart og kompass
  • å bruke kartet til å berekne omtrent kor lang tid det vil ta å gå frå ein stad til ein annan
  • å bruke kartet til å finne ut kor stor høgdeforskjell det er mellom ein stad og ein annan

Vurdering

Last ned eigenvurderingsskjema for andre økt med kart og kompass.

Filer

Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.

CC BY-SASkrive av Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2017

Læringsressursar

Bruk av kart, kompass og GPS