Hopp til innhald

Fagstoff

Støtteaktivitetar i verdikjeda

Porters modell for verdikjedeanalyse kan du bruke til å kartleggje dei viktigaste oppgåvene i ei bedrift. Modellen skil mellom hovudaktivitetar og støtteaktivitetar. Her får du lære meir om støtteaktivitetane.
Røykeri for fisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fire støtteaktivitetar

Felles for dei fire støtteaktivitetane er at dei ikkje er direkte retta mot produksjonen. Støtteaktivitetane påverkar og støttar opp under hovudaktivitetane.

Dei fire støtteaktivitetane er:

  1. Infrastruktur
  2. Personalforvaltning
  3. Teknologiutvikling
  4. Innkjøp og forsyning

Når Porter skil mellom hovudaktivitetar og støtteaktivitetar, er det ikkje fordi den eine gruppa er viktigare enn den andre. Aktivitetane påverkar kvarandre gjensidig og skal støtte opp under kvarandre. Mange bedrifter bruker ofte meir tid og pengar på støtteaktivitetar enn på hovudaktivitetar.

Svaneke Røykeri

Sildefabrikkane på Bornholm er typiske for mange bedrifter som har utvikla seg frå å vere mest opptekne av produksjon eller bearbeiding av ei råvare til å ta kontroll over ein større del av verdikjeda. Bedrifta er i dag like mykje ei reiselivsbedrift som produsent av fiskeprodukt.

Ferskvaredisk med fisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I omstillingsprosessen ved Svaneke Røykeri har støtteaktivitetane vore viktige for å kunne byggje opp kompetanse og nødvendig lønnsemd. Vi skal sjå på kva utfordringar dette kunne ha vore for dei fire arbeidsområda som utgjer støtteaktivitetar:

  1. Infrastruktur (leiing, organisering og styring): I røykjeriet sit dei fleste eigarane også i leiinga. Slik har det vore lett for dei å diskutere moglege endringar etter kvart som dei har sett moglegheitene. Då store kjeder tok over meir av sjølve produksjonsmarknaden for sild, måtte fleire av dei små røykjeria omstille seg frå produksjon til oppleving. Dei såg på moglegheitene for å rette seg mot turistar og fastbuande som ville ha ei oppleving ut over det å kjøpe ein pakke med røykt sild.
  2. Personalforvaltning (menneskeleg ressursutvikling): Dei tilsette på røykjeriet var vane med å røykje sild, men ikkje til å servere gjester og yte personleg service. Det var likevel aldri aktuelt å byte dei ut med servitørar og kokkar utanfrå. Opplæring og omstilling av dei tilsette blei ei viktig oppgåve då bedrifta gjekk frå produksjon til opplevingar.
  3. Teknologiutvikling: Frå å produsere nokre få typar sild skulle dei no også selje sild og andre fiskeprodukt frå delikatessedisken, lage spennande retter for restauranten og servere øl, snaps og mineralvatn til maten. Dette kravde alt frå kjølediskar til bestillings- og kassesystem. Noko teknologi kunne dei kjøpe ferdig frå leverandørar, andre løysingar måtte lagast av dei tilsette på røykjeriet.
  4. Innkjøp: Overgangen frå produksjon til opplevingar kravde innkjøp av fiskeprodukt frå andre leverandørar. Sjølv om det meste er kortreist, er det også etterspørsel etter produkt frå andre land. Med kresne matturistar må innkjøparane lære seg å arbeide tett saman med dei tilsette i marknadsføring og kundeservice.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2017

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling