Begrep

Skate

Publisert: 27.05.2016, Oppdatert: 07.03.2017

Hugselappen

Med andre ord

Latin: Rajidae spp.
Engelsk: Skate
Fransk: Raie
Tysk: Rochen

 

Storleik

Skata vert opptil 90 centimeter lang og 17 kilo.

 

Levealder

Skata kan verta opptil 20 år gammal.

En skate på havets bunn. Foto.  Skata høyrer til Rajidae-familien. Ho føder levande ungar. Somme av artane er blant dei største fiskane vi finn i havet.

Skata er ein bruskfisk (som hai) i Rajidae-familien. Den vanlegaste arten i Noreg er kloskata. Kjenneteiknet på skatene er den flate kroppen og dei store brystfinnane eller vengene. I motsetnad til andre flate fiskar sit gjelleopninga og munnen på undersida. Skata lever på djupt vatn langs heile norskekysten, men kjem gjerne på grunnare vatn nattestid. Kloskata kjem til kystnære område for å gyta om våren. Dei mørke rektangulære eggkapslane med lange horn i kvart av hjørna vert ofte skylte opp på strendene langs kysten.

Bruk

Den etande delen av skata er vengene. Dei vert skorne av og lagde ut for sal. Skinnet vert òg ofte fjerna. Skata er ein av dei fiskane som vert betre av å liggja eit par–tre dagar i kjøleskap. Ho har ganske sterk lukt, og denne forsvinn etter nokre dagar i kjøleskapet. Somme tilrår å koka skata i vatn tilsett syre (anten eddik eller sitron) for å bryta ned lukta.

Fisket

I Noreg vert det fiska lite skate.

Næringsinnhald

Sjømat inneheld nesten alle dei sentrale næringsstoffa som kroppen treng. Skate er spesielt rik på

– protein, som byggjer og held alle cellene i kroppen ved like
– vitamin B12, som er viktig for at kroppen skal danna nye celler, blant anna raude blodceller. Vitamin B12 kan medverka til å førebyggja anemi, blodmangel.
– selen, eit viktig medverkande stoff i eit enzym som motverkar skadelege kjemiske prosessar i kroppen

Sjå Matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.