Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk mattradisjon: Potet

Poteta vart dyrka og eten i fleire tusen år i Andesfjella. Opphavleg kjem ho frå Peru og Chile. Poteta vart "oppdaga" då spanjolane kom til Sør-Amerika, og dei førte ho med seg tilbake til Europa i 1492.
Seks jenter med kvar si korg med poteter. Dei er i ferd med å tømme korgene i ei hestekjerre som snart er fylt heilt opp. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Treig start i Europa

Poteta vart ikkje teken i bruk med det same som grønsak i Europa, og det tok lang tid før ho vart verdsett. Ho hadde eit svært dårleg rykte på seg, og i Frankrike meinte overklassen at smaken passa best for smaken og fordøyinga til underklassen. Nokre meinte òg at ein vart spedalsk av å ete poteter.

Kornmangel

Mangel på korn førte til at poteta vart brukt som ei billeg erstatning. Poteta redda mange sjøfolk frå sjukdomen skjørbuk. Som med så mykje anna måtte det dårlege tider til før ein begynte å setje pris på denne grønsaken.

Poteta vart redninga

Tidleg på 1800-talet er Noreg eit fattig land og kornhaustane slår feil fleire år på rad. Dette får store konsekvensar for innbyggarane, og det er lite mat tilgjengeleg for dei fattige. Då måtte ein finne alternativ til korn og kornprodukt. Noreg og Irland var kanskje dei to landa som hadde størst utbytte av poteta. Begge landa var fattige og trong ei billeg alternativ matkjelde. Derfor ser vi òg mange oppskrifter på bruk av poteter i desse landa. Poteta vart altså redninga for svært mange i Noreg.

Spanske sjøfolk rekna poteta for å vere ei dårleg matkjelde, men god nok for sjøfolk. Poteta er rik på vitamin C, og dette førte til at sjøfolka unngjekk skjørbuk, men denne samanhengen såg dei ikkje då.

Ein ung gut som plukkar poteter på ein bondegard. Han har fylt ei korg med poteter og er i ferd med å tømme ho ned i ei større trekasse. I bakgrunnen er mange andre personar i gang med å plukke poteter på ein stor åker. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit alternativ til korn og mjøl

Poteta vart etter kvart brukt som alternativ til korn og mjøl. Det vil seie at ein begynte å bruke poteter som ingrediens i ulike matrettar i staden for mjøl og kornprodukt. Døme på dette er potetsmør, potetkake, potetost og potet med sur mjølk. Vanlege folk åt kanskje potet til eitt til tre måltid i løpet av dagen. Poteta vart brukt til det meste, men for dei fattige var det nok berre potet som stod på menyen til alle måltid.

Bruksområde i dag

Poteta har framleis ein stor plass i det norske kosthaldet, og ho blir brukt i svært mange variantar. Mange oppskrifter frå 1800-talet blir framleis haldne i hevd, som til dømes potetkake, ulike middagsrettar med smør og poteter, spekesild med poteter. I dag reiser vi mykje meir og får stadig fleire impulsar frå andre land. Det har nok ført til at vi et noko mindre poteter i dag enn tidlegare.

Tre kvinner med forkle og kvite hovudeplagg skreller poteter. Dei har kvert sitt kar i fanget der dei legg dei ferdigskrelte potetene. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2020

Læringsressursar

Norsk matkultur