Hopp til innhald

Fagstoff

Lær deg å taste raskare!

Har du funne ut at du ikkje skriv særskilt raskt? Legg du att mange «tyrkleifar» og vil sleppe å rette så mykje i det du har skrive? Dette er noko du kan blir betre i om du trener! Det finst fleire ulike opplærings- og øvingsverktøy for touch-metoden.
Tastatur og fingre med fargekoder. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom du lèt fingrane få sine eigne tastar og gjentek det faste «tastemønsteret» mange nok gonger, vil kroppen din hugse både plassering og avstand. Då går tastinga av seg sjølv, du treng ikkje sjå på tastaturet for å finne bokstavane. Du kjem også til å skrive raskare etter kvart som tastinga blir automatisert.

Touch-metoden

Gammal skrivemaskin av merke Remington. Fotografi.

For å lære dette er det vanlig å bruke ein metode som blir kalla «touch-metoden». Han er gammel og velprøvd og vart brukt av sekretærar i skrivemaskintida. Tenk deg at alt du tastar, kjem rett ned på papiret med ein gong og ikkje kan viskast ut. Eller du skal skrive ned noko ein annan dikterer for deg, og det er kanskje sjefen din som vil bli irritert om du ikkje heng med og han mistar tråden! Sånn var det før, og då skjøner du kvifor dei fann på ein effektiv tastemetode.

Du har kanskje også lurt på kvifor J- og F-tastane har merke som du kan kjenne? Forklaringa er at dei er utgangspunktet for peikefingrane. Når du ikkje ser på tastaturet, må jo fingrane likevel få vite kor dei er. Touch-metoden er altså ikkje berre ein teknikk, men så standardisert at tastaturprodusentane legg til rette for han.

Motorisk teknikktrening

Læreprosessen skjer på same måten som anna motorisk teknikktrening. Om vi gjentek eit rørslemønster mange nok gonger, vil kroppen hugse korleis vi skal gjere det, utan at vi må tenkje meir på det. Først må vi konsentrere oss og styre rørslene, så kløner vi ei stund, men etter kvart går det lettare, og så får vi det i ryggmargen. Slik lærer vi å gå, halde balansen på eit skateboard eller treffe tangentavstandar på eit piano. Og no skal vel du bli tastaturmeister?

Kursopplegg på nettet

Foreldra og lærarane dine kunne kanskje velje «maskinskriving» som fag på skulen. Du kan i staden finne gratis, reklamefinansierte kurs på nettet, for eksempel på Skrivhurtigt.dk eller Sense-lang.org. Du kan velje norsk språk begge stader. Det går også an å kjøpe program. For Windows-maskinar finst eit norsk program som heiter Wintouch, og for Mac finn du fleire på engelsk i App Store om du søkjer på «Touch Typing». På 10FastFingers.com har dei ikkje kurs, men der kan du øve deg og konkurrere med eigne og andre sine tekstar.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Tønnessen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag