Vi kan dele arbeidsoppgåvene til anleggsgartnaren inn i to delar, nyanlegg og drift.
Nyanlegg
Når det skal lagast nye parkar, plassar eller hagar, må vi først gjere grunnarbeidet. Grunnen må vere slik at stein og mur som vert lagde på han, står støtt, og slik at planter, busker og tre får gode vekseplassar.
I eit nyanlegg skal det murast for å avgrense plassar og støtte opp blomsterbed, det skal leggjast steindekke som passar til bruken av området. Grus og sand skal dekkje stiar og gangvegar. Så skal det plantast tre og busker og lagast bed til blomstrar. Då vert dette eit anlegg som skaper trivsel og legg til rette for menneskeleg aktivitet.
Drift av anlegg
Anlegga er utsette for slitasje av oss som bruker dei, og av vêr og vind. Busker og tre veks, og planter visnar og døyr. Parkar og plassar må derfor driftast og haldast ved like. Steinar og mur får skadar som må reparerast, trer må skjerast, og vi må slå og vatne plenar. I tillegg må vi gjere reint – og om vinteren må vi brøyte. Slike driftsoppgåver er det anleggsgartnaren som tek seg av.
Å arbeide med så forskjellige materialar som blomster og stein er spesialiteten til anleggsgartnaren. Det krev at anleggsgartnaren har brei kompetanse om både levande og døde materialar, og om maskiner og reiskapar som vert brukte. Vi seier gjerne at anleggsgartnaren har både grøne og grå arbeidsoppgåver.
Hugselappen
Nyanlegg
– gjere grunnarbeid
– mure
– leggje stein
Drift av anlegg
– plante og luke
– skjere tre og busker
– stelle plenar
– rydde og reingjere
Grønt arbeid
– plante
– skjere tre og busker
– slå plen
– stelle planter
Grått arbeid
– gjere grunnarbeid
– mure
– leggje stein