Oppgåve: Arbeidsoppdrag

Vegetar – «grøn dag»

Publisert: 04.05.2016, Oppdatert: 07.03.2017

Hugselappen

Lær deg å lage vegetarmat, og også kor viktig det er at kosten er fullverdig og inneheld viktige næringsstoff.

 

Kokker på kjøkkenet. Foto.

 

Ulike typer linser ligger i hvert sine rom i et fat. Foto.Linser har protein av svært god kvalitet. Det vil seie at dei inneheld mange essensielle aminosyrer. Aminosyrer er byggjesteinar i proteinet.

 

Vegankost, består berre av vegetabilske matvarer.

 

 

Laktovegetarisk kost, består av vegetabilske matvarer, og kan i tillegg bruke mjølk og meieriprodukt.

 

 

Laktoovovegetarisk kost, består av vegetabilske matvarer, og kan i tillegg bruke mjølk, meieriprodukt og egg.

 

 

 

Et bord som er dekket og pyntet med ville blomster. FotoOppdekking og pynting av bord med noko av det ein kan finne i naturen.  

Oppgåve for kokkar

  • Vel ut ein eller fleire av rettane frå tabellen nedanfor.
  • Finn oppskrift og framgangsmåte på retten/rettane du skal lage. Tenk næringsverdi når du vel ut oppskrifta! Prøv å bruke ei eller anna belgfrukt i hovudretten (erter, bønner, linser). Nøtter inneheld omega-3 og kan nyttast dersom det passar i retten.
  • Skriv opp ei bestillingsliste på dei varene du skal bruke i retten. Hugs å gi opp mengde!
  • Skriv ut oppskrifter – ei til deg sjølv og ei til læraren.
  • Lag ein arbeidsplan dersom du skal lage fleire rettar.
  • I kjøkkenøkta utfører du det planlagte arbeidet ditt.

Du skal presentere retten din før måltidet og bør vite dette på førehand:

  • Namnet på retten.
  • Hovudråvarer. Næringsverdien i retten.
  • Er det nokon av råvarene som er ekstra næringsrike?
  • Kva for ein av dei tre vegetartypane er retten særleg eigna for? Grunngi svaret ditt!
  • Har du har lært noko, må du gjerne dele det med dei andre.
Vegetarrett
Navn
Vegetarkarbonadar med belgfrukter
 

 Vegetarkarbonadar med rotgrønnsaker

 

  Vegetargryte

 

 Lasagne

 

 Ratatouille

 

  Falafel med fullkorns couscous

 

  Grønnsaksgrateng

 

 Pai

 

  Wok

 

  Brød/rundstykke

 

  Salat

 

  Ein sunn dessert

 

 

Oppgåve for servitørar

  1. Planlegg oppdekking av bord og buffé til eit «grønt måltid».
  2. Ver kreativ og bruk element frå naturen eller noko etande til oppdekking og pynt.
  3. Rettane skal serverast på ein buffé.
  4. Finn oppskrift på ein sunn velkomstdrink/aperitiff. Lag ein arbeidsplan.
  5. Lag ei bestillingsliste.
  6. På praksisdagen lagar du velkomstdrink/aperitiff og utfører det planlagte arbeidet ditt!