Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein enkel layout

Layoutskisse til avis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

Set tekst og bilete saman til ei magasinside.

Krav til oppgåva:

  1. Bruk programvara Adobe InDesign eller eit anna layoutprogram for datamaskin.
  2. Formatet skal vere A4.
  3. Bestem deg for eit tema til ei sak.
  4. Finn bilete som passar til temaet du har valt.
  5. Bruk ein fylltekst, eller ein tekst som passar til temaet. Bruk ca. 400 ord.
  6. Bruk titlar, ingress, mellomtitlar og bilettekstar. Dei skal vere relevante for temaet i saka.
  7. Bruk det du har lært om:

    • typografi
    • blikkfang
    • balanse
    • kontrast
    • hjelpelinjer og margar
    • gruppering
    • luft

Eigenvurdering

  • Vurder bruk av grupperingar og luft.
  • Finst det eit naturleg blikkfang i komposisjonen?
  • Kva kontrastar har du brukt?
  • Korleis er balansen i komposisjonen?
  • Vurder kva som kan vere støy i designet ditt.
  • Vurder om vala du har gjort, har styrkt eller svekt kommunikasjonen.
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2017

Læringsressursar

Innføring i grafisk design