Hopp til innhald

Fagstoff

Matfiskanlegg

Nesten all oppdrett av stor fisk i Noreg går i dag føre seg i opne merdar ute i sjøen. Dette gjeld oppdrett av laks, aure, røye, kveite og torsk. I sjøen har fisken uendeleg tilgang til friskt, oksygenrikt vatn, og avfallsstoff blir førte vekk med straumen.

Fisken og økosystemet

I slike opne sjøanlegg blir oppdrettsfisken ein del av det marine økosystemet. Han blir utsett for parasittar, sjukdommar og rovdyr. Alt oppdrettaren tilfører vatnet, som fôr, medisinar eller avlusingsmiddel, endar uunngåeleg som forureining i sjøen. Viss vi ikkje har godt nok utstyr, kan fisken rømme. Då taper oppdrettaren pengar, og den rømde fisken kan blande seg med den ville og mellom anna føre med seg sjukdommar.

Lokalitetar for sjøbaserte anlegg

Langs heile kysten frå Rogaland til Finnmark ligg oppdrettsanlegga på rekkje og rad. Noreg har ein kyst med reint vatn, og temperaturen er bra òg om vinteren. Ein god lokalitet blir kjenneteikna ved god vassgjennomstrøyming som skiftar ut vatnet og dermed tilfører oksygen og spreier avfallsstoff. Plasseringa bør òg vere lite utsett for vêr og vind som kan gjere skade på utstyret og fisken. Det må i tillegg vere djupt nok under anlegget, og botnforholda må tole belasting. Vatnet må ha eit normalt salt- og oksygeninnhald, og det må vere lite ytre påverknad frå industri, fiske og rovdyr.

Det er mange som skal vere med og bestemme kva område av kysten som skal nyttast til fiskeoppdrett, og det er mange omsyn å ta. Ein må sjølvsagt ta omsyn til miljøinteresser, og i tillegg må ein tenkje på at andre òg har behov for å nytte kystsona til ulike aktivitetar.

Mann med flytevest og hjelm. Foto.

Tryggleik når du arbeider på sjøen

Havet har kraftige krefter, og alle som skal ferdast på og ved havet, må ha respekt for vêr og vind, bølgjer og straumar. For deg som skal ha arbeidsplassen din på sjøen, er dette ekstra viktig!

Dei fleste som jobbar på sjøbaserte oppdrettsanlegg, har båtførarbevis eller sertifikat for å føre arbeidsbåt. I tillegg skal dei ha gjennomført godkjend tryggingsopplæring.

Arbeidstilsynet krev at alle som er på jobb, har godkjent verneutstyr. På sjøen må du ha flytevest eller klede med flyteelement. På Redningsselskapet sine nettsider finn du mange gode tips som gjer det tryggare å ferdast til sjøs.


Hugselappen

Merdar:

  • stål eller plast
  • nót
  • flyteelement
  • fuglenett
  • gangbane

Fôring:

  • fôr blir lagra i siloar
  • trykkluft i slangar
  • spreiar i merdane

Kontroll:

  • kamera i kvar merd
  • fôrspel
  • aktivitet
  • miljøparametrar
  • flytevest eller flyteplagg
  • krav om sertifikat for å føre arbeidsbåt

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eli Skoglund, Trine Merethe Paulsen og Maia Hoff.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2020

Læringsressursar

Anlegg og utstyr