Fagstoff

Kunsteventyr

Publisert: 11.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Den danske forfattaren Hans Christian Andersen omgjeven av vaksne og barnDen danske forfattaren Hans Christian Andersen (1805–1875) skreiv mange eventyr.

Eventyr med namngiven forfattar

På 1800-talet vart det samla inn og skrive ned folkeeventyr over heile Europa. Nokre forfattarar nøgde seg ikkje med å ta vare på munnlege overleveringar. Dei skreiv sjølve litterære tekstar inspirerte av folkeeventyr. Slike eventyr med namngiven  forfattar kallar vi kunsteventyr. Den mest kjende forfattaren av kunsteventyr er nok dansken Hans Christian Andersen. Han skreiv mellom anna Den lille Pige med Svovlstikkerne som er ein av dei forteljingane alle har høyrt.

Sidan kunsteventyret ikkje skulle traderast, det vil seie overleverast munnleg frå person til person, hadde forfattaren langt større litterær fridom. Språket i kunsteventyra er derfor meir nyansert, og vi får ei meir detaljert og variert skildring av personar og omgivnader.

Inspirerte av folkeeventyra

Kunsteventyra har likevel mykje felles med folkeeventyra, både når det gjeld motivval, forteljeteknikk og språklege verkemiddel. Nokre kunsteventyr har overnaturlege trekk. I eventyra Den standhaftige Tindsoldat og Den grimme Ælling av H.C. Andersen vert både dyr og gjenstandar tillagde menneskelege eigenskapar.

Dei fleste folkeeventyra ender godt, men blant kunsteventyra finn vi også eventyr som ender tragisk. H.C. Andersen lèt mellom anna den vesle jenta med svovelstikkene fryse i hel for at lesaren verkeleg skal kjenne eit stikk i samvitet over at alle sviktar den som lid naud.

 

 

Relatert innhald

Generelt