Hopp til innhald

Fagstoff

Konservering og lagring av engavlinga

Dyra liker både surfôr og høy. Det viser forsøk der ein samanliknar ulike måtar å konservere engavlinga på. Forsøka viser også at kvaliteten på avlinga når ho blir hausta inn, og det at konserveringa er god slik at kvaliteten held seg, er viktigare enn om dyra får høy eller surfôr.
Hesjing. Foto.

Vi må hindre uønskt nedbryting

Dersom grovfôret skal brukast utandørs eller i uisolerte hus om vinteren, kan det vere ein fordel med høy.

For å konservere engavlinga og hindre at bakteriar og sopp får utvikle seg, må vi ha kunnskap om korleis desse organismane lever og fungerer. Vi må ta i bruk dei tiltaka som på beste og rimelegaste måte «gjer livet surt» for dei.

Gode verkemiddel vi kan bruke, er å

  • hindre tilgang til vann
  • stenge tilgangen av oksygen
  • justere surleiksgraden – pH – i omgivnadene
  • gjere nytte av mikroorganismar som gir liten skade, til å konkurrere ut dei som er skadelege
  • regulere temperaturen (lite brukt under norske forhold)
  • kombinere dei fire første tiltaka som er nemnde ovanfor
Driftsbygning med silo. Foto.

Tidlegare var den vanlegaste konserveringsmåten å tørke avlinga til høy. Det gjer vi ved å tørke avlinga medan ho ligg på bakken, henge opp graset på hesjar, stable graset opp i såtar eller haugar og ved å køyre avlinga inn på låven og tørke ho der.

Dersom vi lykkast med å få graset tørt utan at det kjem regn på det, gir det god lagring. Høy kan halde seg over fleire år, særleg dersom vi strør på litt salt, som dreg ut det som måtte vere att eller kome til av fukt.

Metodar for å produsera surfôr

Plansilo med ensilert gras. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lagrar vi engavlinga på ein slik måte at det ikkje kjem til luft, sørger vi for å gi dårlege livsvilkår til mange bakteriar og soppar som er avhengige av oksygen for å vekse. Dette utnyttar vi når vi lagrar avlinga i tårnsiloar, i plansiloar eller i rundballar. Tidlegare var det vanlegast med tårnsiloar, men etter kvart har rundballar teke over.

Rundballar som ligg ved kysten av Ullsfjorden i Lyngen, Troms. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når avlinga blir stengd inne, følger det med litt luft, men ho blir brukt opp etter kort tid. Då døyr dei organismane som må ha luft. Det er sjølvsagt avgjerande at siloen eller rundballen er tett og ikkje slepper inn luft. Engavling som blir konservert på denne måten, blir kalla surfôr, silofôr eller berre silo.

På norsk bruker vi ordet silo, som vi har fått frå engelsk. Det betyr lagringstank, og det vart vanleg å bruke silo om tårnsiloar der gras vart lagt i silo. Å ensilere betyr å legge i silo. Surfôr er eit viktig fôrmiddel og tilfører om lag halvparten av energien som norske mjølkekyr treng.

Finn ut meir

  • Kor stor del av den totale fôrmengda utgjer surfôret i norsk mjølkeproduksjon?
  • Kor stor del utgjer surfôret for ei besetning du kjenner godt?
  • Nemn fordelar og ulemper ved å konservere engavlinga i rundballar.

Tilsetting av syre i fôravlinga

For å få senka pH-verdien i fôravlinga raskt og effektivt etter hausting kan vi tilsette ulike typar syre. Maursyre er mykje brukt, men vi kan også bruke andre former for syre til å senke pH-verdien. Preparat som blir brukte til dette, kallar vi ensileringsmiddel. Dei ulike midla som finst på marknaden, har ulik pris og gjerne både fordelar og ulemper i praktisk bruk. Her gjeld det å velje det som passar best, og som gir best økonomisk resultat.

Vi kan også bruke andre typar tilsettingar som stimulerer til auka produksjon av syre. Uansett svarer det seg nesten alltid å ta kostnaden med å bruke ensileringsmiddel, sidan det gir betre konservering av engavlinga enn om vi ikkje bruker slike middel.

Finn ut meir

  • Vel ut to ensileringsmiddel du kjenner til, og finn ut kva dei inneheld.

Stabil lagring av surfôr


Når vi lagrar engavlinga slik at oksygen ikkje kjem til, tek etter kvart bakteriar som kan leve utan oksygen, over. Dei er samtidig effektive til å produsere syrer. Det gjer at surleiksgraden i massen, pH-en, går ned.

Det er særleg mjølkesyreproduserande bakteriar som får overtaket når pH-verdien blir låg, sidan det berre er dei som toler så låg pH. Etter litt tid blir pH-verdien så låg som 4,2 eller endå lågare. Då er silomassen stabil og kan halde seg over lang tid. Men med éin gong siloen blir opna og det kjem luft til, kan andre organismar, blant anna muggsopp, utvikle seg og skade fôret.

pH-skala-en. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finn ut meir

  • Finn ut korleis vi på ein rask og effektiv måte kan måle pH-verdien i surfôr.
  • Prøv denne metoden på surfôr i ei besetning du kjenner godt.

Fortørking

Når vi har høve til det, kan det vere aktuelt å fortørke engavlinga før ensilering. Ferskt gras inneheld vanlegvis 15 til 20 prosent tørrstoff. Ved fortørking kan vi auke dette til 25 til 30 prosent eller meir. Då reduserer vi også avrenninga frå siloen, og gjæringa går lettare.

Dersom vi tilset ensileringsmiddel når vi haustar den fortørka avlinga, kombinerer vi alle dei fire aktuelle metodane som fremmar lagringa av engavlinga. Vi avgrensar tilgangen på vatn og luft, samtidig som vi senkar pH-verdien direkte ved å tilsette syre og indirekte ved å stimulere bakteriar som gir gunstig gjæring.

Å satse på fortørking kan vere risikabelt med det ustabile klimaet vi har her i landet, for dersom det kjem regn til før vi får samla inn avlinga, kan ho bli skadd. Men dersom vi lykkast med fortørking før ensilering, har det vist seg at dette er ein effektiv metode – som også gir eit fôr dyra set pris på.

Diskuter:

  • Drøft fordelar og ulemper ved fortørking av engavlinga før ensilering.

Val av ensileringsmetode

Det er mange omsyn å ta når vi skal velje metode for å konservere engavlinga. Tilgangen på arbeidskraft, maskinar og teknisk utstyr til innhausting og til praktisk fôring er viktig. Dessutan må vi legge vekt på at fôret blir godt og smaksrikt for dyra, og at fôret ikkje blir ureina med jord slik at vi får sporar i mjølka.

Alle konserveringsmetodane fører til at noko av næringsinnhaldet i avlinga går tapt, men det er viktig å gjere jobben raskt og effektivt slik at tapet blir minst mogleg. Ikkje minst må vi ta omsyn til helse, miljø og sikkerheit når vi bruker maskinane og tilset syre som ensileringsmiddel, og for å unngå fallulykker i tårnsiloar.

Finn ut meir

  • Gjer greie for innhaustingsmetoden for engavlinga på ein gard du kjenner godt.
  • Forklar kvifor dei bruker denne metoden, og vurder om det kunne ha vore gjort på anna vis.

Hugselappen


Å konservere vil seie å ta vare på, å bevare.

Når avlinga blir hausta, kan enzym, bakteriar og sopp føre til at næringsstoff går tapt.

Konserveringsmåtar:

  • tørking
  • ensilering, silolegging

Rett haustetidspunkt er viktig for kvaliteten på fôret.
Vi kan tilsette ensileringsmiddel i fôret for å få gunstig pH.
Valet av ensileringsmetode er avhengig av fleire faktorar.

CC BY-SASkrive av Torger Gjefsen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2018

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar