Hopp til innhald

Fagstoff

Risiko og sannsyn

Med sannsyn meiner vi: Kor stor sjanse er det for at ei uønskt hending skal inntreffe? Når vi bereknar sannsyn, prøver vi å bruke mest mogleg erfaring og kunnskap. Likevel vil det alltid vere knytt usikkerheit til berekninga.
Vektere på kjøpesenter
Opne bilete i eit nytt vindauge

Security og safety

Om du skal arbeide på ein flyplass eller ved ein oljebase, vil du møte dei to omgrepa «safety» og «security». Det er stor forskjell på desse to sidene av sikkerheitsarbeidet i ei bedrift.

«Security» dreier seg om tilsikta uønskte handlingar. Terror, sabotasje, tjuveri og ran vil vere omfatta av omgrepet.

«Safety» dreier seg om utilsikta uønskte hendingar. Omgrepet omfattar uhell og hendingar som i mange bedrifter kan få fatale følgjer. Om ein uvitande besøkjande tenner ein sigarett på ein flyplass eller ein oljebase, forstår vi at det inneber stor fare. På same vis kan safety omfatte passordvern av ein PC eller det å bere vernehjelm.

Gradering av sannsyn

For å berekne risiko kan du setje sannsyn inn i ein tabell. Då må du setje eit tidsmål på kor ofte hendingane kan ventast å inntreffe.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Risikovurdering og førebygging