Begrep

Papaya

Publisert: 03.05.2016, Oppdatert: 07.03.2017

Hugselappen:

Med andre ord:

Latin: Carica papaya
Engelsk: Paw paw, Papaya
Tysk: Papaya, Baummelone
Fransk: Papaye

 

Lagring:

8–12 °C. Kor haldbar papaya er, kjem an på kor mogen han er. Han må ikkje utsetjast for låge temperaturar, sidan det hindrar vidare mogning. Ein mogen papaya har ganske kort haldbarheit.

En hel og en oppdelt papaya. Foto.  Papaya kjem opphavleg frå Mellom-Amerika, men er i dag vanleg i alle tropiske land. Frukta vi importerer, har form som ei avlang, stor pære, men det finst mange ulike variantar i tropane. Dei største kan verta opptil 8–10 kilo, men dei vi importerer, er på 200–500 gram. Skalet er grønt, grøngult og oransje og er ikkje etande. Frukta vert hausta i umogen tilstand og må mognast fram under distribusjon. Når ho er mogen, er ho mjuk, og dei fleste variantane i handelen er meir gule enn grøne. Midt i frukta finst eit holrom som er fullt av små, runde og svarte kjernar som ikkje er etande.

Jente spiser fruktsalat. Foto.Papaya er godt i fruktsalat. 

Fruktkjøtet er saftig, søtt og aromatisk med ein konsistens som kan minna om melon. Fargen på fruktkjøtet er gult eller lakseraudt, og smaken er søt og minner om ei blanding av melon og pære, men er noko nøytral fordi han manglar syre. Mogen papaya kan ha små flekker og arr og skal gi etter for lett trykk.

Bruksområde

Vi deler papaya i to og fjernar kjernane i midten. Vi et han deretter naturell direkte med skei eller deler han først i skiver eller båtar. Vi framhevar smaksaromaen om vi drøyper nokre dropar sitron eller lime over fruktkjøtet. Frukta kan serverast som dessert eller etast åleine som eit lite mellommåltid. Ho kan også nyttast som tilbehøyr til kjøt og fisk. Umogen papaya kan nyttast som grønsak, steikt eller kokt.

Næringsinnhald

I dyrkingslanda et dei gjerne papaya ete til frukost, då frukta skal ha ein god mageregulerande effekt. Papaya inneheld eit enzym kalla papain med proteinspaltande eigenskapar. Frukta er også rik på A- og C-vitamin i tillegg til kalium.

Sjå Matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Papaya skal ikkje vera for tidleg hausta då han kan verta vanskeleg å mogna fram. Han bør derfor ha gule sjatteringar i skalet. Frukta skal vera heil og fri for sår og skadar og utan mørke eller mjuke flekker. Etemogen papaya er vanlegvis meir gul enn grøn.