Hopp til innhald

Fagstoff

Uønskte hendingar

Når vi skal gjennomføre ein risikoanalyse, startar vi med å kartleggje moglege uønskte hendingar.
Mann med hjelm tek notat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva kan gå gale?

Svært mykje kan gå gale, og vi kan bruke ulike kjelder for å finne moglege uønskte hendingar. Nokre slike kjelder er:

  • hendingar som har skjedd hos oss tidlegare
  • hendingar som har vore nær ved å skje hos oss tidlegare
  • hendingar som vi veit har skjedd hos liknande verksemder

Det er sjeldan ein enkelt person eller ei lita arbeidsgruppe kan skaffe seg oversikt over alle moglege hendingar åleine. I ei slik kartlegging vil det ofte vere nødvendig å analysere kvar einaste arbeidsoperasjon for å sjå om det er risiko for uønskte hendingar. Då er det vanlegvis mest effektivt å spørje den som utfører arbeidsoperasjonen.

Tre hovudgrupper av uønskte hendingar

Vanlegvis sorterer vi uønskte hendingar i desse tre kategoriane:

  • Materielle skadar: Dette kan vere skadar på bygningane, utstyret og varene til bedrifta. Det kan også vere skadar på miljø og omgivnader, til dømes etter utslepp av giftstoff.
  • Skade på liv og helse: Både dei tilsette i bedrifta og andre kan vere utsette for fare. Om det er risiko for skade på liv og helse, vil det nesten alltid føre til tiltak.
  • Skade på omdømmet: Omdømmet er måten omgivnadene opplever oss på. Spesielt store bedrifter, kommunar og andre organisasjonar er opptekne av tiltak som skal hindre at folk flest får negative assosiasjonar til dei. Eit døme er når store oljeselskap blir knytte til forureining og utslepp.

Mange uønskte hendingar vil vere ein kombinasjon av dei tre kategoriane. Det gjer dei naturleg nok endå meir alvorlege.

Typiske uønskte hendingar

Typen uønskte hendingar vil variere frå bedrift til bedrift. Under sikkerheitsfaget på Vg2 Sal, service og sikkerheit er desse hendingane nemnde:

  • brann
  • tjuveri, ran og innbrot
  • mobbing og høgt sjukefråvær
  • hærverk, sabotasje og spionasje
  • vass-skader, straumbrot og datasnoking
  • svinn, svindel og underslag
  • ulykker, dødsfall, akutt sjukdom og rusmisbruk
  • negativ omtale, sviktande omsetning og fare for konkurs
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Datatryggleik