Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fokus på omdømme

Blid resepsjonist. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Offentleg omdømme

Sjå informasjonsfilmen Sammen om en bedre kommune: Omdømme på Regjeringen sin youtube-kanal.

Filmen vart laga som eit ledd i programmet «Saman om en betre kommune». Omdømme er eit av fire hovudtema i programmet. Filmen oppfordrar kommunane til å gjere det dei kan for å få eit godt omdømme.

  1. Kvifor trur du regjeringa har laga denne filmen?
  2. Kven trur du er målgruppa?
  3. Kva konsekvensar kan det få for ein kommune å ha eit dårleg omdømme?
  4. Kva er bodskapen i filmen, altså kva oppfordrar regjeringa kommunane til å gjere?

Omdømme i det private

Undersøkinga som kårar bedrifta med best omdømme kvar år, er utført på oppdrag av mellom andre ei bedrift som heiter Apeland. Søk opp informasjon om denne bedrifta på Internett. Noter svar på desse spørsmåla:

  1. Kva type bedrift er Apeland?
  2. Kva driv dei med?
  3. Kven jobbar saman med dei i den årlege kåringa av bedrifta med best omdømme?
  4. Kva trur du Apeland har att for å lage ei kåring av bedrifta med beste omdømme?

Til refleksjon

  • Var det noko som var vanskeleg å forstå då du jobba med denne oppgåva?
  • Diskuter det du fann ut om Apeland, med ein medelev.
  • Kva lærte de om omdømme av å jobbe med denne oppgåva?
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Innføring i kommunikasjonsarbeid