Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjonsarbeid

Informasjonsarbeidarar, kommunikasjonsrådgivarar, PR-konsulentar og marknadskommunikatørar jobbar med å planleggje profesjonell kommunikasjon. Arbeid med intern og ekstern informasjon og omdømmebygging er primæroppgåver.

Kommunikasjonsarbeid

Kva gjer ein kommunikasjonsrådgivar? Ein kommunikasjonsrådgivar arbeider med planlegging av kommunikasjon for ei bestemd verksemd. Lojaliteten til kommunikasjonsrådgivaren ligg hos verksemda.

Godt over halvparten av alle som jobbar med kommunikasjon, er tilsette i ein offentleg organisasjon. Dette kan vere kommunar, stat, politiske parti, frivillige organisasjonar eller andre offentlege organisasjonar. Resten jobbar i privat sektor. Det vil seie private bedrifter som anten driv med kommunikasjonverksemd eller som har eigne kommunikasjonsavdelingar.

Ein kommunikasjonsrådgivar har to hovudmål for arbeidet sitt:

  • informere offentlegheita eller publikum om kva organisasjonen eller bedrifta jobbar med.
  • leggje til rette for intern kommunikasjon der tilsette blir orientert om det som skjer i verksemda, anten det er ein organisasjon eller ei bedrift.

Omdømme

Den informasjonen kommunikasjonsrådgivarar ønskjer å spreie, skal setje oppdragsgivaren i eit så godt lys som mogleg. Det vil seie at kommunikasjonsrådgivarar jobbar på ulike måtar i ulike kanalar med det som blir kalla omdømme. Arbeidet med å fremje verksemda sitt omdømme er ei kjerneoppgåve for kommunikasjonsrådgivarar.

Mange oppdragsgivarar er avhengige av eit godt omdømme for å nå måla sine, anten det gjeld å selje meir, skape sympati for eit velgjerande formål eller å vinne eit val.

Vekstbransje med mange yrkestitlar

Kommunikasjonsbransjen er ein bransje i vekst. Tal frå Kommunikasjonsforeningen syner at medlemsmassen deira har over dobla seg frå år 2000 til i dag. Mange av yrkestitlane i kommunikasjonsbransjen er overlappande. Ein informasjonsmedarbeidar, ein kommunikasjonsrådgivar og ein PR-konsulent kan til dømes utføre same type jobb. Vi har valt å bruke nemninga kommunikasjonsrådgivar for dette yrket.

Om informasjon i kommunikasjonsbransjen

Ei anna nemning for kommunikasjonsbransjen er informasjonsbransjen. Det er likevel skilnad på informasjon i form av fakta som du til dømes kan finne på sider som snl.no og wikipedia.com, og på informasjon som kommunikasjonsrådgivarar lagar for oppdragsgivarane sine. Kommunikasjonsrådgivarane ønskjer å oppnå noko bestemt med å spreie ein viss type informasjon.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2017

Læringsressursar

Innføring i kommunikasjonsarbeid