Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ulike priskalkylar

Her kan du øve deg på å setje opp ulike typar priskalkylar i eit rekneark.

Oppgåve 1 – sjølvkostkalkyle

Eit vareparti på 150 kg har ein innkjøpspris på 18 850 kroner utan meirverdiavgift. Bedrifta som kjøper partiet, betaler i tillegg 1 650 kroner i andre direkte innkjøpskostnader. Dei indirekte kostnadene er på 35 prosent, fortenesta er 25 prosent, og meirverdiavgifta er 25 prosent.

Set opp ein sjølvkostkalkyle i eit rekneark, og rekn ut desse storleikane i kroner per kilo:

  1. inntakskost
  2. indirekte kostnader
  3. forteneste
  4. meirverdiavgift
  5. salspris med meirverdiavgift

Relatert innhald

Oppgåve 2 – avanse

Ei bedrift kjøper eit vareparti til 35 300 kroner utan meirverdiavgift.
Bedrifta betaler i tillegg 1 500 kroner i andre direkte innkjøpskostnader.
Avansen er sett til 75 prosent. Varepartiet er på 400 stykk.

Set opp ein kalkyle etter avansemetoden i eit rekneark, og rekn ut desse storleikane i kroner per stykk:

  1. inntakskost
  2. avanse
  3. salspris utan meirverdiavgift
  4. salspris med meirverdiavgift

Relatert innhald

Avanse blir brukt i nokre kalkylar for å berekne salsprisen på eit produkt. Men kva er avanse, og kva er forholdet mellom avanse og bruttoforteneste?

Oppgåve 3 – bidragskalkyle

Idrettshuset AS sel skiutstyr og treningstøy.
Salsprisen med meirverdiavgift for ei treningsjakke er 1 250 kroner. Innkjøpsprisen for jakka er 370 kroner utan meirverdiavgift. Andre variable innkjøpskostnader er 4 000 kroner for eit parti på 75 jakker. Meirverdiavgiftsatsen er på 25 prosent.

Set opp ein bidragskalkyle i eit rekneark og rekn ut desse storleikane per treningsjakke:

  1. salspris utan meirverdiavgift
  2. variable kostnader
  3. dekningsbidrag

Relatert innhald

Oppgåve 4 – påslagstal

Ein butikk kjøper inn ei vare til 235 kroner utan meirverdiavgift. Dei bruker påslagstalet 2,5.

Bruk eit rekneark og set opp ein kalkyle basert på påslagsmetoden. Rekn ut

  1. salsprisen med meirverdiavgift
  2. påslagstalet som butikken bruker dersom prisen blir sett til 705 kroner med meirverdiavgift

Relatert innhald

Påslagsmetoden er ein rask metode for å berekne salsprisen på eit produkt. Han eignar seg for bedrifter som har erfaringstal.

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod