Fagstoff

Ferskost – oppskrift

Publisert: 26.04.2016, Oppdatert: 07.03.2017

Hugselappen

Ferskost lagar ein ved å skilje ostestoffet frå mysa ved hjelp av surmjølk eller løype.

 

Fleire ulike ferskostar lagde opp på fat. Foto.

Opphengd mjølk, eller fersk ostemasse, er kjend og kjær kost utover bygdene. Det er lett å skilje mjølk sjølv ved hjelp av løype eller surmjølk.

Cottage cheese. Foto.

 

Cottage cheese

Cottage cheese er våre dagars opphengde mjølk. Det er fersk ostemasse tilsett kremfløyte slik at feittinnhaldet blir 4 prosent. Cottage cheese har mange bruksområde. Osten kan etast som han er, eller med sukker og kanel eller syltetøy. Han kan rørast med karve eller grøne krydderplantar til fersk ost. Osten eignar seg òg godt til ostekaker, og gir brød og andre gjærdeigar ekstra protein, noko som gjer at bakverket held seg ekstra godt.

Produksjon av ferskost

  1. Varm først søt mjølk til om lag 40 grader. Tilset deretter 2 ts løype (kan kjøpast på apotek) til 3–5 liter mjølk.
  2. La alt stå til det er ein tjukk gele. Rør lett rundt og varm varsamt slik at ostemassen og mysa blir godt skilde. Hell alt gjennom eit klede som ligg i ein sil eller eit dørslag.
  3. Ein kan òg varme søt mjølk til kokepunktet og røre inn om lag ein fjerdedel syrna mjølk. La blandinga stå slik at ho skil seg godt. Sil som skildra ovanfor.
  4. Rør gjerne ostemassen med salt og krydder til fersk ost, eller med sukker og syltetøy til søtt pålegg eller dessert. Kefir/kulturmjølk eller yoghurt kan òg silast kaldt gjennom eit kaffefilter. Det tek litt tid, men ostestoffet blir lekkert i konsistensen og kan brukast som ovanfor.

Myse

Etter at du har silt frå ostestoffet sit du att med myse, den gulgrøne væska. Denne kan du bruke til brødbaking eller koke ho inn saman med fløyte og mjølk til prim eller brunost.

Løype

Løype, som vi òg kallar osteløype, er eit enzym som får ostestoffet i mjølk (proteinet kasein) til å samle seg (koagulere) og danne ein tettare masse (ostemasse).

Løype blir framstilt av løypemagar (kjese) frå kalvar om han skal brukast til å yste ost.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald

Til fordjuping