Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

T-skjortegutane AS

I denne oppgåva skal du rekne ut ulike økonomiske storleikar i kalkylane til T-skjortegutane AS, som importerer T-skjorter frå Peru.
T-skjorter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

T-skjortegutane AS kan ta inn eit parti T-skjorter frå Peru. Inntakskost per T-skjorte er 200 kroner utan meirverdiavgift. For å rekne ut salsprisen skal dei bruke påslagstalet 3. Meirverdiavgifta er 25 prosent.

  1. Rekn ut salsprisen med meirverdiavgift per T-skjorte.
  2. Kva blir salsprisen utan meirverdiavgift?
  3. Rekn ut avansen i kroner per T-skjorte.
  4. Rekn ut avansen i prosent.

Oppgåve 2

Nedanfor ser du fjorårets resultatrekneskap frå T-skjortegutane AS. Hugs at i resultatrekneskapen er tala alltid gitt opp utan meirverdiavgift.

Resultatrekneskap

Rekneskapspost

Sum, kroner

Salsinntekter

2 000 000

Varekostnader

1 100 000

Løn

400 000

Avskriving

50 000

Andre driftskostnader

60 000

Sum kostnader

1 610 000

DRIFTSRESULTAT

390 000

  1. Rekn ut salsinntekter med meirverdiavgift.
  2. Rekn ut påslagstalet.
  3. Rekn ut avansen i kroner og i prosent.
Fasit oppgåve 1 a

Salsprisen med meirverdiavgift er 600 kroner.

Fasit oppgåve 1 b

Salsprisen utan meirverdiavgift er 480 kroner.

Fasit oppgåve 1 c

Avansen er 280 kroner.

Fasit oppgåve 1 d

Avansen utgjer 140 prosent.

Fasit oppgåve 2 a

Salsinntektene med meirverdiavgift er 2 500 000 kroner.

Fasit oppgåve 2 b

Påslagstalet er 2,3.

Fasit oppgåve 2 c

Avansen er 900 000 kroner, eller 21,8 prosent.

Her kan du sjå utrekningane i eit rekneark:

Filer

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod