Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Haralds gullsmed

Harald har designa ein ny gullring. Hjelp han å kalkulere salsprisen og vurdere eit tilbod frå ein mogleg kjøpar.
Utstillingsvindauge hos ein gullsmed. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Harald Smits er gullsmed og produserer smykke. Han kalkulerer prisen på ein ny gullring han har designa.

  • Råvarene til ein slik ring kostar 275 kroner utan meirverdiavgift.
  • Han bruker 1,5 timar på å lage ringen.
  • Timeløna hans er på 300 kroner.
  • Tilleggssatsen for indirekte kostnader er 70 prosent. Harald vil ha 30 prosent forteneste.

Oppgåve

  1. Rekn ut sjølvkost og salspris med 25 prosent meirverdiavgift.

    Etter ei tid har Harald 6 ringar liggjande på lageret.
    Ein kunde vil kjøpe desse ringane for 700 kroner utan meirverdiavgift per ring.
  2. Vurder tilbodet.
Fasit oppgåve a

Sjølvkosten er 1 232,50 kroner. Salsprisen med meirverdiavgift er 2 002,81 kroner.

Kommentarar til oppgåve b

Ein salspris på 700 kroner utan meirverdiavgift vil nesten dekkje inn råvarekostnadene og arbeidsinnsatsen. Det blir ingenting att til å dekkje indirekte kostnader, langt mindre til forteneste. Det kan løne seg å slå til på tilbodet likevel dersom alternativet er at ringane berre blir liggjande.

Her kan du sjå utrekningane i eit rekneark:

Filer

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod