Hopp til innhald

Fagstoff

Klar, ferdig, kreativ – KFK-modellen

Skal ein lage eit spennande medieprodukt, må ein ha ein god idé. Men korleis skaper og utviklar ein idear på bestilling? I dei fleste medieyrke består produksjonsprosessen av ulike fasar med kreativt arbeid.
Dei ulike fasane i ein kreativ prosess er sette opp skjematisk, og to teikneseriefigurar demonstrerer: utforske, idémyldre, kill your darlings og setje det saman. Dei går frå oppdrag, via problemstilling til presentasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingen liker å sjå eller høyre på eit keisamt medieprodukt, og oppdragsgivarar er ikkje villige til å betale for det. Alle som jobbar i mediebransjen, må derfor kunne utvikle nye, kreative løysingar. Det gjeld både journalistar, reklamefotografar, grafiske designarar, filmskaparar, spelutviklarar og webdesignarar.

Men korleis klarer ein å stadig vere kreativ? Og korleis klarer ein å vere kreativ på bestilling? Å arbeide fram ein god idé kan vere halve jobben.

Klar, ferdig, kreativ

Modellen Klar, ferdig, kreativ (eller KFK-modellen), som er utvikla av Martin Walter og Daniel Almli, illustrerer korleis ein kan jobbe med kreativitet i medieproduksjon. Modellen bryt idéfasen ned i fire delfasar.

Delfase

Beskrivelse

Mål

Utforsk

Tenk nøye gjennom kva som er viktig for oppdragsgivaren. Research, altså utforsk, kva som er målet med produktet og temaet det tek for seg. I denne fasen er det viktig å sikre seg mest mogleg informasjon.

ende opp med ei enkel problemstilling

Idémyldring

No skal fantasien få fritt spelerom. I denne fasen er det lurt å samarbeide med andre og å bruke ulike idéskapingsverktøy. Denne fasen blir også kalla JA-fasen. Her er ingen idear dumme. Alt er lov!

ende opp med så mange idéar som mogleg

Kill your darlings

No er det tid for å vere kritisk og kaste det som ikkje skal brukast. Kill your darlings er eit omgrep i mediebransjen. Det tyder at ein må gi slepp på noko ein liker godt, for å kunne satse fullt på den ideen ein trur vil fungere best for målgruppa.

ende opp med éin konkret idé ein ønskjer å satse på

Set det saman

I denne fasen skal ein utvikle ideen vidare og synleggjere han i form av skisser, manus, synopsis, storyboard e.l., som kan presenterast for ein mogleg oppdragsgivar.

ende opp med ein pitch, eller ein presentasjon, som viser korleis medieproduktet skal bli eller vil fungere

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe, Martin Walter og Daniel Almli.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Idéarbeid og kreativitet