Hopp til innhald

Fagstoff

Skogbruk og biologisk mangfald

Skogen i Noreg er svært forskjellig frå landsdel til landsdel. Skogeigarane i dag har eit stort ansvar for å ta vare på skogen og det biologiske mangfaldet slik at skogbruksnæringa har ei framtid.
Planter. Kollasje.

Korleis ta vare på biologisk mangfald?

Skogane våre er levestad for eit mangfald av artar, og skogbruket har forplikta seg til å ta vare på dette.

Det er viktig å ha kunnskap om det biologiske mangfaldet og artane som høyrer til i skogen. Vi må vita kva vi held på med, og kva konsekvensar handlingane våre har. Desse omgrepa må du kjenna til:

Raudlisteartar
raudlista viser kva artar som er særleg trua, og som treng vern for å ikkje verta utrydda.
Signalartar
ein signalart er ein art som kjenneteiknar særleg viktige biologiske område.
Biologisk viktige område
nøkkelbiotopar er verna område og område som er særleg viktige for mangfaldet.
Nøkkelbiotopar
biotop betyr levestad. Vi bruker omgrepet nøkkelbiotop om område som er spesielt viktige for det biologiske mangfaldet. Ein nøkkelbiotop er ein biotop med artar som er trua.

Skogbruket har bestemt at fem prosent av det produktive skogarealet skal forvaltast som biologisk viktige område der det ikkje skal hoggast. Det er Statsforvaltaren i kvart fylke som passar på at dette vert følgt opp.

Gullprikklav. Foto.

Registrering av biologisk mangfald

Skal ein skogeigar få levera tømmer for sal, må han eller ho kunna dokumentera at det er gjort registreringar av biologisk mangfald og nøkkelbiotopar.

Forvaltaransvar

Det meste av skogen i Noreg er eigd av privatpersonar. Skogeigaren har forvaltingsansvaret i eigen skog. Det vil seia at han eller ho har ansvaret for det som skjer i skogen.

Vern

Styresmaktene kan vedta å verna område for å bevara det biologiske mangfaldet, men skogeigaren kan sjølv tilby skogen sin til frivillig vern. Styresmaktene kan vedta vernetiltak ut frå særlege forhold. Verneverdiane vert kartlagde, og dersom området har stor nok betydning, vert skogen verna. Skogeigaren får då erstatning, og skogen vert eit naturreservat. Stortinget løyver kvart år pengar til frivillig vern av skog.

Hugselappen

Skogen har stort biologisk mangfald.

Raudlisteartar er arter som er trua.

Signalartar kjenneteiknar viktige biologiske område.

Nøkkelbiotopar er viktige for det biologiske mangfaldet.

Relatert innhald

Biologisk mangfald omfattar både den genetiske variasjonen innanfor kvar art, mellom alle artane på jorda og mellom alle naturtypar og levestader for artane.

CC BY-SASkrive av Einar Holth Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 09.09.2022

Læringsressursar

Biologisk mangfald i skogen