Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Typografi på visittkort

Arbeid med skrifttypar og storleiker for å lage eit visittkort med tydeleg informasjon.
Visittkort med personlige opplysninger. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag: Lag eit visittkort

  • Breidd: 90 mm, høgd: 50 mm
  • Tekst: namnet ditt, tittel, adresse, e-post og tlf.nr.
  • Skriftval:

    • Namn: Bruk skrifttypar frå antikva eller grotesk.
    • Tittel: Bruk same skriftfamilie som i namn, men varier skrifttype (snitt/font).
    • Adresse, e-post og tlf.nr: Bruk antikva eller grotesk (den du ikkje brukte i namn og tittel).
    • Vel skriftfamilie og skrifttypar (snitt/font). Lag forskjellige utkast og bestem deg for kva tekst du vil ha i antikva, og kva i grotesk.
  • Skriftstorleik: maks 13 punkt, minimum 8 punkt. Prøv deg fram!
  • Linjeavstand: ca. to punkt større enn skriftstorleiken, for eksempel 10 punkt skriftstorleik og 12 punkt linjeavstand. Test ut og gjer eit val!
  • Plassering av tekst: Prøv deg fram med plassering og skrifttypar (snitt/fontar).

Eigenvurdering

Når du er ferdig med oppdraget, er tida kommen for å vurdere produktet.

  • Passar skrifttypane du har valt, saman?
  • Er det føremålstenleg skilnad mellom skrifttypane?
  • Er det passe variasjon i skriftstorleikar slik at informasjonen kjem fram?
  • Er det støy i skriftbiletet?
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021

Læringsressursar

Innføring i grafisk design