Hopp til innhald

Fagstoff

Reingjering og vedlikehald av espressomaskin

Reingjering og vedlikehald kan nok vere keisamt, men eit riktig reinhald er første bod for å få ein god espresso – kopp etter kopp, dag etter dag.
Ei espressomaskin med koppar på toppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dagleg

  • Børst reint vassfordelingsfilteret i gruppa (tillagingseininga).

  • Ta laust filteret frå filterhaldaren.
  • Set inn eit blindfilter i filterhaldaren. Fyll ein dose vaskemiddel for kaffimaskiner i blindfilteret, og gjer tre til fire vanlege tillagingar.
  • Tøm blindfilteret, set filterhaldaren med blindfilteret på plass att, og hald fram med tillagingar til vatnet er klart.
  • Gjer filteret og filterhaldaren heilt reine, og legg dei i vatn til neste dag.
  • Hugs å gjere stimarmen grundig rein med lunkent vatn slik at mjølkerestar løyser seg opp.

  • Skru av den ytste dysa på stimarmen. Legg dysa i vatn som er tilsett vaskemiddel for kaffimaskiner til neste dag.
  • Tøm kverna for malen kaffi. Børst behaldaren rein.
  • Gjer maskina og kverna reine utvendig med ein rein klut.
Rengjøring av espressomaskin – del 3
Opne bilete i eit nytt vindauge


Kvar veke

  • Tøm behaldaren for heile bønner, og gjer han godt rein med vaskemiddel for kaffimaskiner. La behaldaren bli ordentleg tørr før du heller på ny kaffi. Tørketips: Set behaldaren på varmeplata på espressomaskina.

  • Skru ut vassfordelingsfilteret i gruppa, og børst dette før du monterer det att.

  • Vask filteret og filterhaldaren grundig med vaskemiddel for kaffimaskiner.


Kvar månad

  • Fjern alle kaffirestar, og kontroller knivane i maleverket til kverna. Dersom kverna er sliten, må knivane bytast ut.

Årleg

  • Maskina bør ha full service. Kontroller filtera, og byt dei om nødvendig.
CC BY-SASkrive av Norsk Kaffeinformasjon. Rettshavar: Norsk Kaffeinformasjon
Sist fagleg oppdatert 23.03.2020

Læringsressursar

Varme drikkar