Hopp til innhald

Fagstoff

Slik lagar du espresso

Espresso er ein liten kopp med mørk, sterk og aromatisk kaffi. Denne kaffien er utgangspunktet for mange ulike kaffidrikkar med mjølk, men kan òg drikkast åleine.

For å lage god espresso er det viktig å ha ein god espressomaskin, ei god kaffikvern og kvalitetskaffi. Ein lagar espresso ved at vatn blir pressa raskt gjennom finmalen kaffi under høgt trykk, optimalt 9 bar.

1. Start maskinen

Les bruksrettleiinga for maskinen nøye. Kontroller at temperaturen er om lag 90 °C, og at trykket er 9 bar, og juster eventuelle avvik. Maskinen må få tid til å varme seg opp før du startar!

2. Mal kaffien

Når kverna er riktig justert, skal du male kaffien. Hugs: ikkje meir enn til 1–2 timars forbruk. Doser 6,5–7,5 g kaffi i ein rein filterhaldar (òg kalla bajonett eller «grip») til om lag 30 ml væske.

3. Press kaffien

Press kaffien i filterhaldaren med eit forsiktig trykk for å få ei jamn overflate. Gi nedre del av filterhaldaren eit lett slag med baksida av stapparen, slik at kaffikorn som ligg langs veggane i filterhaldaren, blir rista ned på kaffikaka.

Pakk deretter dei finmalne kaffikorna tett saman med eit 15 kilos trykk, slik at kaffien blir kompakt og kan yte jamn motstand når vatnet blir pressa gjennom. Øv gjerne på badevekta! Fjern kaffi som måtte liggje att på kantane av filterhaldaren, og set haldaren på plass. Pass på arbeidsstillinga når du pakkar kaffien, slik at du unngår å overbelaste senene i handledda og armane.

To hender pressar saman kaffi i ein filterhaldar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4. Start traktinga

Set den forvarma koppen under tappeholet på filterhaldaren. Start maskinen. Det skal ta om lag 25 sekund å trakte ein espresso.

Dersom du skal lage to koppar, nyttar du tokoppsfilteret og dobbel mengd kaffi. Det er som regel lettare å få til ein fin crema på espressoen når ein nyttar tokoppsfilteret. Dette heng saman med korleis vatnet blir pressa gjennom kaffien i filterhaldaren. Det tek like lang tid å lage til ein enkel som ein dobbel espresso.

5. Server espressoen

Kontroller at fargen på cremaen er nøttebrun, gjerne marmorert med djupare «tigerstriper». Server med det same. Skal du lage espresso til fleire personar, er det viktig at du serverer éin og éin kopp etter kvart som dei blir ferdige. Ikkje samle fleire koppar for å servere dei samtidig. Espressoen skal drikkast med ein gong.

6. Gjer klar til neste kopp

Filterhaldaren lèt du stå i maskinen til du skal lage til neste kopp. Slå ut den gamle kaffikaka, og tørk vekk kaffirestar før du doserer ein ny espresso i filterhaldaren.

Ei hand held ei kaffikake frå ein espressomaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Norsk Kaffeinformasjon. Rettshavar: Norsk Kaffeinformasjon
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

Varme drikkar