Hopp til innhald

Fagstoff

Skriftfamiliar og skrifttypar

Typografi er læra om korleis du utformar bokstavar og set dei saman til ein visuell heilskap slik at bodskapen blir kommunisert på ein føremålstenleg måte.
Fyllepenn og gammaldags handskrift. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Typografien må kommunisere bodskapen på ein truverdig måte. Derfor er det ikkje vilkårleg kva skrifttype du nyttar. Skrifta er eit verkemiddel som må passe til det som blir fortalt. Om du skal lage ein invitasjon til ein barnebursdag, kan det vere passande å nytte ei leiken skrift som er lett å lese, altså ei skrift tilpassa barn. Skal du lage ein trykksak for ein bank, må du bruke ein seriøs og strengare typografi.

Skriftfamiliar og skrifttypar

Du har sikkert brukt skrifta times. Times er namnet på ein skriftfamilie. På same måten er garamond, caslon og palatino namna til andre skriftfamiliar.

Eksempel på skift som tilhøyrer samme familie. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi bruker omgrepet skrifttype, snakkar vi om dei ulike variantane innan ein skriftfamilie, for eksempel normal (regular), kursiv (italic), halvfeit (bold). Desse variantane blir også kalla snitt eller fontar.

Eksempel på skrift som tilhører sammen skrifttype. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriftgrupper

Skriftfamiliane times, garamond, caslon og palatino har ein del fellestrekk. Dei har nokre kjenneteikn som liknar på kvarandre. Desse fellestrekka gjer at vi kan setje dei i same kategori, og vi seier at dei høyrer til same skriftgruppe.

Skriftgruppa antikva

Eksempler på skrift som tilhører skriftgruppa antikva. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Både times, garamond, caslon og palatino høyrer til skriftgruppa antikva, eller nærmare bestemt gammalantikva. Men før du får meir kunnskap om typografi, bruker vi antikva som ei samlenemning for alle skrifter med same kjenneteikn.

Kjenneteikn på antikva:

  • Bokstavane i denne skriftgruppa har seriffar.
  • Dei har to ulike tjukkleikar på bokstavane, såkalla duolineær (duo = to).
Skrifttegn med seriffer. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriftgruppa grotesk

Eksempler på groteske skrifter. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriftfamiliane arial, helvetica, verdana og calibri har andre fellestrekk enn antikva-familiane. Det er fordi dei høyrer til ei anna skriftgruppe. Denne skriftgruppa blir kalla grotesk.

Kjenneteikn på grotesk:

  • Bokstavane i denne skriftgruppa har ikkje seriffar, men rette endepunkt.
  • Dei har éin tjukkleik på bokstavane, såkalla monolineær (mono = ein).
eksempel på skrift uten seriffer. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i grafisk design