Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klesbutikken Asympa

Set opp balansen og avslutt rekneskapen for klesbutikken Asympa.
Kvinne i klesbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Malgorza har etablert ein pop-up-butikk for klesmerket Asympa. Asympa er ei kjend polsk merkevare som vil komme seg inn på marknaden i Noreg. Malgorza skal leige lokale i Trondheim frå 01.01. til og med 01.04.

  • Ho har kr 30 000 i eigenkapital.
  • Utstyret til butikken kostar kr 5 000.
  • Varelageret har ein verdi på kr 60 000.
  • Kontantbehaldninga er på kr 10 000.
  • Ho har ein kassekredittavtale med banken til kr 100 000.

Del 1

Set opp balansen til pop-up-butikken.

Del 2

I tillegg til balansekontoane har ho desse kontoane:

  • Salsinntekter
  • Husleige
  • Andre driftskostnader
  • Rentekostnader
  • Varekjøp
  • Privatkonto

1. kvartal har Malgorza desse forretningstilfella:

  • 7.1. Betalt husleige over bank kr 40 000
  • 16.1. Betalt for gåvepapir kontant kr 4 000
  • 31.1. Kontantsal januar kr 40 000
  • 6.2. Motteke over bank for klessal kr 70 000
  • 14.2. Betalt rentekostnader for kassekredittkonto kr 5 000
  • 21.2. Privatuttak i minibank kr 10 000
  • 28.2. Motteke for selde varer over bank i februar kr 20 000
  • 10.3. Privatuttak kontant kr 5 000
  • 18.3. Kontantsal av varer kr 60 000
  • 31.3. Overført frå privatkonto til eigenkapital kr ?
  • 31.3. Vareteljing på varelageret kr 6 000

Registrer forretningstilfella for 1. kvartal. Start med bilag nr. 1.

Del 3

Avslutt rekneskapen per 31.03.

Del 4

Set opp balanse per 31.03. og resultatrekneskap for 1. kvartal.

Del 5

Forklar endringa i eigenkapital i 1. kvartal.

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Rekneskap