Fagstoff

Modell

Publisert: 15.04.2016, Oppdatert: 07.03.2017

3D-skriver. Marsipanmodell. Foto.

Ein modell er med på å synleggjere ein ide du har. Modellar kan lagast av ulike materiale, avhengig av kva som vil eigne seg best for å framstille ideen din. Modellen visualiserer ideen din på ein slik måte at du kan sjå, ta og føle på han.

Ofte er det best å synleggjere ideen din ved å vise han i form av ein modell. Ein modell kan også tydeleggjere materiale, fargar og overflatestrukturar.

Materiale

Modellar kan lagast av papp, tre, plast, mm, avhengig av kva som vil eigne seg best for å framstille din ide. Målet med å lage ein modell er å vise ein ide, og det er derfor viktig å lage han så lik som du ser for deg det ferdige produktet.

For eksempel lagar arkitektar eller ein interiørkonsulent ofte modellar i eit materiale som heiter arkitektpapp eller kapapapp. Dei visualisere ideane sine med ein modell, der både interiør, fargar og materiale blir presentert. Målestokk er eit viktig verktøy å bruke i eit slikt arbeid, det vil gje eit betre og meir verkeleg inntrykk av modellen.

3D-printing

I den nyare tida er det og blitt vanleg å lage modellar ved å bruke 3D-printerar. Prosessen legg til lag for lag nytt materiale i flytande form eller pulverform, og fikserer dette i den ønskte konturen. Prosessen blir styrd av eit dataprogram, og fordelen med 3D-printing er at ein ut frå ei 3D-datafil kan lage ein fysisk del raskt og kostnadsgunstig, og utan bruk av støypeverktøy.

Ved å bruke 3D-printer kan du få med alle små detaljar, og du kan i tillegg få ut eit produkt som har ein funksjon.