Set opp balansen, før og avslutt rekneskapen for hundepensjonatet Pasja.
Nina og Elin skal drive hundepensjonatet Pasja frå 01.01. Dei har kjøpt inventar for kr 25 000 og har kr 2 000 i kontantar. Nina og Elin har investert sparepengane sine, kr 30 000, i bedrifta. Dei har lånt kr 15 000 frå banken, resten er bankinnskot.
Del 1
Sett opp balansen per 01.01.
Del 2
I tillegg til balansekontoane har Nina og Elin desse kontoane:
- Salsinntekter
- Marknadsføringskostnader
- Husleige
- Rentekostnader
I januar har hundepensjonatet desse forretningstilfella:
- 2.1. Betalt husleige over bank kr 2 000
- 4.1. Kontant sal av pensjonattenester kr 1 500
- 7.1. Betalt for digital marknadsføringskampanje våren over bank: kr 5 000
- 8.1. Betalt avdrag og renter på banklån over bank: avdrag kr 2 000, renter kr kr 1 000
- 14.1. Motteke over bank for sal av pensjonattenester kr 4 000
- 17.1. Kjøp av hundeutstyr kontant kr 2 000
- 21.1. Sett inn kontantar i banken kr 1 000
- 27.1. Sal av hundepensjonattenester kontant kr 3 000
Registrer forretningstilfella for januar. Start med bilag nr. 1.
Del 3
Avslutt rekneskapen per 31.01.
Del 4
Sett opp balansen per 31.01. og resultatrekneskapen for januar.
Del 5
Forklar endringa i eigenkapital i januar.
CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017