Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis verkar Internett?

Internett er eit elektronisk nettverk som sender pakkar av databitar mellom digitale einingar. For at vi menneske skal kunne forstå informasjonen som ligg i dataene, må dei handsamast på ulike måtar av progamma som sender og tek imot dei.
Cyberspace. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle einingar som er kopla til Internett, har si eiga adresse. Desse blir kalla IP-adressar. Tenaren til VG har til dømes «195.88.55.16» som IP-adresse. Skriv du denne adressa i nettlesaren, kjem du rett til VG sine nettsider. Dette er adressa som datamaskinane nyttar, mens vi bruker URL-adresser i det daglege.

Innhaldet blir sendt over Internett i småbitar. Desse pakkane tek den mest effektive vegen dei finn, tilbake til deg, før dei blir sjekka og sette saman att. Denne måten å sende informasjon på blir kalla pakkesvitsjing. Dette er grunnen til at nettet er robust og effektivt. Når dataene blir sette saman, sørgjer dataprogramma på einingane for at dei får ei form som vi menneske kan oppfatte og forstå.

Korleis finn informasjonen vegen til mi eining?

  • Vi skriv ei URL-adresse i nettlesaren og sender slik ein førespurnad via internettsambandet vårt.
  • Førespurnaden hamnar hos ein ruter som er eit slags sentralbord. Ruteren skjøner berre IP-adresser og sjekkar derfor adressa hos ei netteneste som vi kallar namnetenar (DNS).
  • Namnetenaren leitar opp IP-adressa som trengst.
  • No veit ruteren kva adresse han skal be om informasjon frå. Viss det blir samband og nettsida er tilgjengeleg, blir innhaldet motteke i småbitar.

Kva fortel nettadressa?

Heldigvis er det som regel berre maskinar som må forholde seg til IP-adressene. URL-adressa (URL = uniform ressurslokator) er lettare for menneske å forstå.

Vi skal sjå litt nærmare på kva ei URL-adresse består av. Lat oss ta eksempelet

https://www.nrk.no/skole/?mediaId=24962

Forklaring

https://

protokoll for overføring av hypertekst – denne delen av adressa fortel altså kva språk som blir snakka. Ein variant av denne protokollen er https som blir stadig meir brukt fordi han gir eit sikrare samband. Eit anna døme på protokoll er ftp som blir brukt til å sende filer.

www.

er eit underdomene (tredjenivå-domene). «www» er det vanlegaste vertsnamnet og namngir webtenesta for eit domene. Underdomena blir administrert av den som forvaltar domenenamnet. Dei kan ha si eiga IP-adresse og fungere som ein sjølvstendig nettstad. Eit betre døme på eit slikt underdomene er blogg.nrk.no

nrk

er eit domenenamn (andrenivå-domene).

.no

er toppnivå-domene, i dette tilfellet eit nasjonalt toppnivådomene (tobokstavars) – det finst også generiske toppnivådomene (fleirbokstavars).

/skole/

er første underområde. Dette kan ofte vere noko så enkelt som ei mappe på tenaren (datamaskina) som syner www.nrk.no. Lagar ein mapper inni mappa, vil ein byggje fleire undernivå – f.eks. nrk.no/retningslinjer/design/. Undernivå kan også lagast kunstig (lausrive frå mappestrukturen) for å opprette struktur eller korte nettadresser.

?mediaId=24962

er ein spørjestreng som gir informasjon til programmet – i dette dømet kva artikkel som skal hentast inn i malvisninga for artiklar. Spørjestrengar kjem etter eit spørjeteikn og kan ha fleire ledd som vi skil frå kvarandre med &-teiknet.


God oppbygging av nettadresser er viktig, både for struktur i produksjon og for sluttbrukar. NRK har retningslinjer for sine nettadresser som inngår i ein overordna merkevarestrategi.

CC BY-SASkrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Brukaroppleving og produksjon for nett