Fagstoff

Romverknad

Publisert: 15.04.2016, Oppdatert: 07.03.2017

Skisse til et kjøkken. Foto.

For å få romverknad i eit bilete, kan ein bruke ulike verkemiddel. Ein måte er å jobbe med storleiksforhold, linjer og farge; ein annan er å bruke perspektiv. Kva måte du vel å bruke er mykje knytt til kva du skal teikne. Perspektiv blir ofte brukt til interiør og arkitektur, eller til å presentere produkt ein lagar.

Står du i ei gate med fleire hus på rekke og rad etter kvarandre, minkar dei meir og meir når avstanden blir større. Når du teiknar noko, spelar storleiken av ulike motiv og plasseringa av dei ei stor rolle. Det å bruke skrå linjer kan også vere med på å illustrere romverknad. Små gjenstandar høgt oppe på ei skrålinje og dei store langt nede, vil forsterke denne verknaden.

Bruk av farge kan vere med på å forsterke romverknaden. For eksempel kan dei svake duse fargane sjå ut som dei er lengre borte, enn dei klare sterke fargane.

Perspektiv

Perspektiv er ofte brukt i maleri eller teikningar for å gje djupneverknad. Skal du presentere eit produkt, kan det å teikne det i perspektiv vere med på å vise fram produktet slik det verkeleg vil ta seg ut. På denne måten vil du få visualisert produktet tredimensjonalt. Ved å bruke perspektiv, kan du også sette produktet inn i ein samanheng, du kan vise fram funksjonen til produktet.

Eittpunktsperspektiv

Gravemaskin. Foto.Gravemaskin i eittpunktsperspektiv. Når ein teiknar noko i perspektiv, tar ein utgangspunkt i horisontlinja. Det vil seie at augehøgda, der du ser på produktet, er der forsvinningspunkta skal plasserast. Du kan teikne i eitt-, to- eller trepunktsperspektiv. Har du eitt punkt på horisontlinja kan det plasserast inn i for eksempel eit rom, anten sett frå framsida eller ovanfrå. Eittpunktsperspektiv blir ofte brukt når du skal teikne interiør i eit rom.

Topunktsperspektiv

Når ein teiknar med topunktsperspektiv plasserer du forsvinningspunkta langt ut på sida. Står du og ser på eit hjørne på eit hus, ser du huset i topunktsperspektiv. Då forsvinn linjene ut til sida. Det du teiknar kjem meir til liv ved å bruke topunktsperspektiv enn kanskje med eit eittpunktsperspektiv.

Trepunktsperspektiv

Trepunktsperspektiv brukar ein berre når ein skal teikne noko veldig høgt, eller noko som er langt nede. Her plasserer du det tredje forsvinningspunktet anten høgt over horisontlinja (froskeperspektiv) eller langt nede (fugleperspektiv).

Isometrisk perspektiv

Isometrisk perspektiv vil seie det same som parallellperspektiv. Det betyr at alle parallelle linjer er parallelle heile tida, og du teiknar utan forsvinningspunkt. Når du teiknar isometrisk perspektiv, er det vanleg å bruke trekantpapir (eller med prikkar). Då har du heile tida linjer eller punkt å teikne ut ifrå, og alle linjene blir automatisk parallelle.