Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis lagar vi smør?

Smør er laga av mjølkefeitt, det vil seie fløyte eller rømme. Smør blir mellom anna brukt på brødskiva, i sausar, supper, kryddersmør, til steiking og elles i rettar for å løfte fram andre smakar.
Smør i ulike former på ein kvit asjett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smør som betalingsmiddel

Smør er ein viktig del av matkulturarven vår. Smør var ein gong eit av dei viktigaste betalingsmidla vi hadde. Skattereforma av 1617 var slik at folk betalte skatten sin i smør. Smør er òg i dag "gull som glimrar". Kan du tenke deg noko herlegare enn nykjerna smør på rykvarme maiskolbar eller nykokte grønsaker frå årets avling?

Slik lagar vi smør

Du kan sjølv bestemme smaken, til dømes i kva grad det skal vere salt eller syrna. Smør kan du nemleg lage av berre kremfløyte eller berre seterrømme – eller ei blanding av begge. Du kan òg tilsetje spennande smakar, til dømes paprika, kvitlauk, urter eller honning.

Oppskrift på smør

6 dl seterrømme eller kremfløyte

1 ts salt (etter smak)

  1. Visp rømmen i miksar i om lag 20 minutt, til rømmen har skilt seg. Miksaren kan godt arbeide lenger, men pass på at det ikkje blir så varmt at rømmen/fløyten smeltar, då får du nemleg ikkje ut smørfeittet.
  2. Press deretter ut så mykje væske du kan, med hendene. Væska kallar vi kjernemjølk. Det engelske namnet er buttermilk. I andre land er det eit eige handelsprodukt.

  3. Smøret blir meir haldbart om du greier å få ut mest mogeleg væske. Væska (kjernemjølka) forseinkar nemleg harskingsprosessen. Kjernemølk som blir att, er fin deigvæske, til dømes i gjærbaksten. Kjernemjølka kan gjerne frysast ned.
  4. Elt inn salt i smøret, og smak til kor mykje salt du vil ha. Av 1 liter seterrømme eller kremfløyte blir det om lag 250 g smør.

Kryddersmør i variasjon

Smørfylt paprika

2 paprika

125 g smør

1 ss sitronsaft

2 ss paprika, finhakka

  1. Vask paprikaane og ta ut frøa. Skyl godt og la det renne av seg.
  2. Rør smøret mjukt og bland inn alle ingrediensane.
  3. Fyll smøret i paprikaane.
  4. Press godt slik at alle luftromma blir fylte.
    La det stivne i kjøleskapet, og skjer så i skiver som du legg til dømes på biffen.

Smakstilsetningar i kryddersmør

Under finn du forslag til ulike smakstilsetningar du kan bruke når du skal lage kryddersmør.

Ulike typar med kryddersmør i terningar på eit fat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fransk smør

200 g smør
4 ss dill, finhakka
2 ss finhakka graslauk
4 ss persille, finhakka

Sennepssmør

200 g smør
2 ss sennep
1 dl persille, finhakka (kan sløyfast)
safran eller gurkemeie?

Hovmeistersmør

200 g smør
1/2 raud paprika, finhakka
1/2 grøn paprika, finhakka
2 ts sennep
2 ss persille, finhakka

Kaperssmør

200 g smør
2 ss kapers
ca. 10 svarte oliven, grovhakka
sukker?

Konjakksmør

200 g smør
2 ss konjakk
1/4 ts kvit pepper

Raudbetesmør

200 g smør
ca. 100 g sursylta raudbetar
litt kvit pepar og salt

Spinatsmør

200 g smør
ca. 100 g spinat, finhakka

Chilismør

200 g smør
5 ss chilisaus
1/2 ts paprikapulver

Kvitlaukssmør

100 g smør
1–2 ts sitronsaft
1 kløft kvitlauk, finhakka
2 ss finhakka persille
1 ts salt
1/2 krm kvit pepar

Raudvinssmør

100 g smør
1 ss raudlauk, finhakka
2 ss raudvin
1 krm svart pepar
1 ts fransk sennep

Framgangsmåte for alle aromasmøra

Bland mjukrørt smør med ingrediensane i kvart kryddersmør. Smak kryddersmøret godt til. Form til ei pølse og pakk i folie, plast eller lag rullade ved å smørje kryddersmøret på lett forvella, godt avrente, grøne eller raude blad av savoykål, raudkål, spinat eller liknande. Dersom vi ikkje pakkar rulladen i forvella blad, er det dekorativt å rulle han i finhakka grønt. Du kan òg fylle kryddersmøret i uthola paprika. La kryddersmøret stivne i kjøleskapet, og skjer det i skiver.

Hugs!

  • Smør lagar vi av anten fløyte eller rømme.
  • Tilset salt og annan smak på smøret etter eige ønske.
  • Smør er med og hevar smaken i dei fleste rettar.
CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for meieriprodukter
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Produksjon av meieriprodukt