Fagstoff

Teikning

Publisert: 15.04.2016, Oppdatert: 07.03.2017

Jente som tegner en skisse. Foto.

Å teikne vil seie å lage eit bilete for hand eller digitalt, med ulike teikneverktøy. Dette kan for eksempel vere blyant, penn, tusj, kol eller krit. Du kan teikne det du ser der og då, eller du kan bruke teikning til å visualisere ein idé. Å teikne kan hjelpe deg med å få ei betre formforståing - du kan på ein betre måte vurdere forma, funksjonen og utsjånaden til det du teiknar. På kva måte du vel å gjere dette på er litt opp til kva du skal visualisere, det er viktig at teknikken og reiskapane du brukar passar til innhaldet du teiknar.

Skisse

Når du skisserer, viser du gjerne ein utviklingsveg, ein tankegang fram mot målet. Ei skisse kan innehalde ein tankeprosess der du har jobba med form, dekor og farge. Når ein jobbar i ein skisseprosess, hentar ein ofte inn inspirasjon anten frå bøker, nettet eller omgjevnadane rundt seg. Det er viktig at ein ikkje set grenser for korleis ei skisse kan sjå ut, her er det opp til deg kva du vil skrible ned. Neste del av skisseprosessen vil vere å systematisere dei ideane ein har skissa ned og jobbe meir konkret fram mot eit mål. Har du ei oppgåve på skolen der det skal vere ein skisseprosess, kan det vere lurt og ikkje planelegge noko på førehand. Bruk den inspirasjonen du kjem over, og teikn ned alle ideane som du måtte få.

Kontur

Kontur er dei ytre linjene som avgrensar ei form. Når ein teiknar skisser, er det mest vanleg i starten å bruke kontur teikning. Då teiknar du berre den ytre forma på motivet/produktet og har med få detaljar.

Blindekontur er ei kjekk øving, der du ikkje skal sjå ned på arket medan du teiknar. Alt du teiknar skal vere i ein samanhengande strek, og målet med ei slik øving er at du skal sjå former og tolke dei inntrykka du får. Det er viktig at du teiknar det du ser, i det du ser det. Poenget er ikkje resultatet på arket.

Valør

Vil du ha meir detaljerte skisser, er det vanleg å legge til litt valørar. Det vil seie at du skraverer motivet i ulike nyansar og fargar, du skisselegg. Teiknar du med gråblyant vil du ha ein skala frå kvit og lysegrå til mørkegrå, nesten svart. Dette kan du variere med kor mjuk eller hard blyanten er, eller kreftene du legg til når du skraverer. Valørar brukar du når motivet skal stå fram som tredimensjonalt.

Digital teikning

Skyskrapere og trær. Foto.Digital teikning.Med computer-aided design (CAD) kan du lage teikningar og modellar som har mange fordelar samanlikna med handteikna skisser. Blant anna kan du lage tredimensjonale modellar og simulering av produkt. Du kan bruke illustrasjonsprogram som Adobe Illustrator eller eit enkelt og gratis 3D-teikneprogram som heiter Google Sketchup. Det som er viktig, er å finne eit program som passar til det arbeidet du vil gjere, og at det ikkje blir ei hindring på grunn av avansert teknologi.