Hopp til innhald

Fagstoff

Mjølk i eit evolusjonsperspektiv

For mange av oss er mjølk ein naturleg del av alle brødmåltid. Mjølk som drikke er først og fremst naturleg for folk i Europa og i USA. I andre delar av verda er det hovudsakleg ost og syrna meieriprodukt som blir brukte. Korleis kom mjølk til å spele ei så sentral rolle i kosthaldet vårt?
Ei ku og to kalvar på beite. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Då husdyrhaldet blei innført for 10 000 år sidan, skjedde det ein mutasjon hos europearar som gjorde dei i stand til å tole mjølkesukker. Det at befolkninga kunne drikke mjølk og ete ost gjorde at dei overlevde karrige kår.

I dei seinare år har inntaket av meieriprodukt gått ned, og mange får for lite kalsium i kosten. Meieriprodukt er framleis ei viktig matvare for å sikre kalsiuminntaket vårt.

Eit historisk tilbakeblikk

Tradisjonen med å halde husdyr starta for om lag 10 000 år sidan. Det byrja med sauehald, så kom geiter og kyr. Mjølk frå alle pattedyr inneheld naturleg ei viss mengd laktose (mjølkesukker). På verdsbasis toler dei fleste vaksne individ laktose heller dårleg. Ein mutasjon har gjort oss nordeuropearar og dei fleste nordamerikanarar i stand til å tole laktose òg i vaksen alder. Sett i eit evolusjonsmessig perspektiv kan mykje tyde på at denne mutasjonen har gitt desse individa ein fordel når det gjeld å overleve. I det karrige klimaet vårt etter siste istid var det dårleg med tilgang på mat, avgrensa kva for plantar som kunne dyrkast og kva for husdyr som kunne klare seg. Menneske som tolte meieriprodukt fekk ein større variasjon i kosthaldet sitt, og særleg var dette viktig i høve til å sikre proteininntaket.

Laktoseinnhald i mjølk

Ung jente som et ei brødskive med kvitost. Foto.

Kumjølk inneheld rundt 4,7 % laktose. Morsmjølk inneheld meir laktose enn kumjølk. Det er ein fellesnemnar for alle pattedyr at over 99 % av alle individ i dieperioden toler laktose godt, fordi morsmjølk er einaste næringskjelde dei første månadene av livet. Evna til å tole mjølkesukker er derfor heilt nødvendig for å kunne overleve i denne kritiske perioden av livet. Etter småbarnsstadiet er det «normale» at aktiviteten til enzymet laktase, som er nødvendig for å bryte ned laktose, blir redusert meir og meir, slik at dei fleste vaksne har lita evne til å tole laktose.

Ein revolusjonerande mutasjon

Ein mutasjon for om lag 10 000 år sidan gjorde altså mange europearar i stand til å framleis klare å bryte ned laktose gjennom heile livet. Denne mutasjonen skjedde samstundes som husdyrhaldet vart innført, og ein kan rekne med at dei som tolte laktose og dermed kunne nytte meieriprodukt frå ku og geit hadde ein fordel, og i større grad overlevde enn personar utan denne evna til å bryte ned mjølkesukker. Det er dette som vi kallar naturleg seleksjon, der det er dei som er best tilpassa miljøet sitt som overlever, og på den måten fører vidare genane i størst utstrekning. Ein har rekna ut at evna til å tole laktose i vår del av verda auka frå om lag 5 % av befolkninga til om lag 70 % i løpet av ein periode på rundt 5 000 år. I våre dagar reknar vi med at heile 95–98 % av den etnisk norske befolkninga toler laktose. Blant innvandrarar er det langt færre som toler laktose, i befolkningsgrupper frå Asia, Sør-Amerika og Afrika finn vi 30 til 90 % laktoseintoleranse.

Dersom ein ikkje toler laktose, vil ein få symptom som oppblåsen mage og diaré. Hos barn kan magesmerter og kvalme òg vere ein del av symptombiletet. Det er ikkje farleg å innta laktose sjølv om ein ikkje toler det. Ein opplever eit ubehag, men dette er ikkje farleg eller skadeleg for kroppen.

Kva gjer ein når ein har laktoseintoleranse?

Ulike typar brunost. Foto.

Dei fleste med laktoseintoleranse erfarer at dei toler syrna meieriprodukt betre enn søt mjølk. Syrninga fører til at ein god del av laktosen blir broten ned slik at laktoseinnhaldet blir lågare.

  • Fast gulost er i praksis fri for laktose, fordi laktosen er broten fullstendig ned under modninga.
  • Ferske ostar, brunost og prim har derimot eit ganske høgt innhald av laktose og ein toler derfor dette dårlegare.

Bruk av meieriprodukt i andre kulturar

I befolkningar med høg førekomst av laktoseintoleranse er det ingen tradisjon for å drikke søt mjølk, i alle fall ikkje blant dei vaksne. Desse får likevel i seg tilstrekkeleg kalsium, fordi dei bruker ost og syrna meieriprodukt slik som yoghurt, i mykje større mengder enn oss.

Dagens forbruk av meieriprodukt

I Noreg har vi eit lågt konsum av ost og yoghurt samanlikna med mange andre land. På tilsvarande vis bruker vi relativt mykje søt mjølk fordi vi toler dette godt. Rett nok har forbruket av søt mjølk gått mykje ned hos oss i dei siste 30 åra, og vi ligg no på eit forbruk på rett under 100 liter i året. Utrekningar viser at vi får i oss mindre kalsium frå meieriprodukt i Noreg, fordi auken i forbruket av ost og yoghurt ikkje har klart å balansere nedgangen i mjølkeforbruket.

Vi er samstundes lite flinke til å bruke grønsaker her til lands, og vi klarer derfor ikkje å få i oss så mykje kalsium på denne måten. I mange andre land er forbruket av grønsaker mykje høgare, vi treng ikkje gå lenger enn til Sør-Europa for å finne dette.

Relatert innhald

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for meieriprodukter
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020

Læringsressursar

Mjølk som råstoff