Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Planlegg ein nettstad om mopedførarlappen

Moped
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegg ein nettstad for mopedførarlappen

Utgangspunktet for oppgåva er dette oppdraget frå kommunikasjonssjef Arne Eithun ved Vegvesenet Region Vest:

Eg ønskjer eigne nettsider for ungdom om mopedførarlappen. Krav til leveransen:

  • Nettsidene skal vere enkle å navigere i.
  • Det skal vere enkelt å finne fram til informasjon.
  • Tekstane skal vere lette å lese.
  • Bileta skal vere informative og passe til innhaldet i teksten.
  • Målgruppe og brukarar av nettsidene er ungdom 14–15–16 år som ønskjer å ta mopedførarlappen, og foreldre til ungdom som ønskjer å ta lappen.
  • Nettstaden skal gi informasjon om korleis ein skaffar seg mopedførarlappen.

Her er noko innhald du kan bruke som utgangspunkt: Ung.no om mopedførarkort

Arne Eithun ønskjer levering av

  1. brukarstiar
  2. strukturkart
  3. skisser over fordelinga av innhaldet på nettsider
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Brukaroppleving og produksjon for nett