Hopp til innhald

Fagstoff

Konvensjonar for nettdesign

Det finst uskrivne retningslinjer og mønster for korleis brukaropplevinga blir designa. Slike konvensjonar gjeld både navigasjon, struktur og innhaldsorganisering.
Mann ser på nettside på PC. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konvensjonar er uskrivne reglar og mønster for korleis noko skal vere. Det vil seie at det er det vanlege, noko som brukaren ventar. Du kan kanskje hugse at du allereie har vore borti at det finst konvensjonar for alle sjangrar innan mediekommunikasjon. Det engelske ordet som blir brukt av dei som jobbar med nettutvikling i bransjen, er design patterns. På norsk bruker vi omgrepet designmønster.

Eit minioversyn over konvensjonar

Navigasjon

  • Som regel vil logoen eller tittelen øvst til venstre på ei side føre brukaren til heim-sida.
  • Lenkjer som står i teksten, er ofte streka under og/eller har ein annan farge enn resten av teksten.
  • Eit tredje døme er at videosnuttar har ein synleg avspelingsknapp.

Hierarkisk struktur

  • Dei viktigaste sidene skal øvst og til venstre i hierarkiet.
  • Dette gjeld alle sidene bortsett frå «Om ...», som oftast ligg heilt til høgre, eller nedst.
  • Det må vere samsvar mellom hovudmenyar og undermenyar i den hierarkiske strukturen.
  • Er det mykje informasjon som skal visast, er det vanleg med lister eller rutenettvisingar for det nedste nivået i hierarkiet.

Organisering av innhald

  • Informasjon på ulike hierarkiske nivå treng ulikt detaljnivå og gjerne eigne skisser for oppsett av informasjon.
  • Det viktigaste stoffet får størst plass.
  • Informasjon av ulik type treng ulik utforming avhengig av type innhald på informasjonen.
  • Informasjon som består av tekst, bilete og/eller video, treng ulik organisering avhengig av kva medietypar som er med.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Rettleiing i multimedial produksjon