Hopp til innhald

Fagstoff

Etikk i journalistikken

Ver Varsam-plakaten inneheld etiske reglar dei aller fleste norske journalistar, redaktørar og fotografar følgjer. Slik sikrar mediebransjen seg at det dei formidlar er sant.
Mann leser avis i redaksjonslokale. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ikkje alle nyheiter journalistar kan og bør publisere. Lover og reglar skal hindre at til dømes rykte, sladder og uthenging av personar blir til underhaldningsnyheiter. Det viktigaste verktøyet journalistar har for å hindre dette, er Ver Varsam-plakaten.

Plakaten er inndelt i fire hovudområde:

  • Samfunnsrolla til pressa
  • Integritet og truverde
  • Journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene
  • Publiseringsreglar

Desse hovudområda handlar om at dei som jobbar med nyheiter, må følgje reglar som sikrar at det dei held fram som sant, verkeleg er det. Til dømes står det i plakaten at ein skal sjekke truverdet til dei ein intervjuar; ein kan ikkje publisere rykte, ein må ta omsyn til dei ein lagar nyheitssak om, og ein må sjølv passe på å vere ein truverdig person.

Ver Varsam-plakaten er laga av Norsk Presseforbund, ein organisasjon alle store og dei fleste små aviser, TV- og radiokanalar er medlem av. Ei av årsakene til at så mange nyheitsmedium har forplikta seg til å følgje desse reglane, er at dei slik hindrar at dei utkonkurrerer kvarandre med stadig meir «sjokkerande» nyheitsoppslag.

Kva er sant?

Ved å følgje Ver Varsam-plakaten kvalitetssikrar journalistane det dei lagar. For det første er det eit verktøy for å finne ut om opplysningane ein sit med, er sanne. Å utføre faktasjekk og å sjekke med fleire kjelder er metodar for å sikre seg at det ein publiserer, er riktig.

I tillegg er det viktig at ein ikkje intervjuar personar ein har eit avhengigheitsforhold til. Eit slikt forhold kan vere folk ein er i familie med, eller nære venner. Ein kan heller ikkje ta seg betalt i pengar, varer eller tenester som motyting for å velje ei spesiell vinkling eller framstilling.

Mange kjelder, til dømes dei som sel noko, ønskjer at media skal stille produktet deira i eit godt lys. Kor truverdig blir ei slik journalistisk sak dersom journalisten har fått betalt for å skrive at produktet er godt? Truverdet er ein av journalistikkens viktigaste berebjelkar. Dersom målgruppa ikkje lenger trur på at det mediekanalane publiserer, er sant, vil dei heller ikkje betale for nyheitene.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Skriving i mediefag