Hopp til innhald

Fagstoff

Likskap for lova?

Rettsapparatet og borgarane – likskap for lova? Idealet er at det skal vere likskap for lova. Det er eit kjenneteikn ved ein rettsstat og eit demokrati.
Eit advokat-skilt frå ein tingrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Likskap for lova inneber at

  • alle skal ha like gode høve til å få sin rett overfor medborgarar og offentlege styresmakter
  • ingen skal kunne kjøpe seg fri frå tiltale for lovbrot dei har gjort. Den som er rik eller har ei viktig stilling i samfunnet, skal ikkje av den grunn få mildare straff enn andre for det same lovbrotet

Bli desse krava oppfylte i samfunnet vårt?

Mykje taler for at dei ikkje blir det.

Her er nokre av grunnane:

I mange tilfelle må den som føler at det er gjort urett mot han eller henne, skaffe seg ein advokat. Det kostar pengar, altfor mykje pengar for mange. På ein del område kan nok ein fagorganisert få hjelp, men på andre område må ein leggje ut sjølv. Det finst ei ordning med fri rettshjelp, men inntektsgrensa for å kunne nytte denne hjelpa, er svært låg. Vi må nok rekne med at mange ikkje får retten sin fordi dei ikkje har råd til det.

Ikkje alle veit kva rettar dei har, og mange veit heller ikkje korleis dei skal gå fram for å få det dei har rett på. Her er det altså kunnskap det skortar på.

I fengsla høyrer storparten av dei innsette til lågstatusgrupper. Ein grunn kan vere at det stort sett er lågare straffer for dei typiske høgstatusgruppene enn for lovbrot som folk med låg status gjer. Dei siste har ikkje høve til å gjere underslag, snyte på skatten eller bryte valutalova, arbeidsmiljølova eller ureiningslova.

Relatert innhald

Domstolane er den tredje statsmakta. Den viktigaste oppgåva domstolane har, er å løyse konfliktar. La oss sjå på kva det kan gå ut på:

CC BY-NC-SASkrive av Erik Sølvberg. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 24.10.2018

Læringsressursar

Kriminalitet