Hopp til innhald

Fagstoff

Dramaturgiske modellar og verkemiddel

Dramaturgi handlar om korleis ei god historie er sett saman. Du skal no lære meir om tydinga og opphavet til omgrepet, om ulike dramaturgiske verkemiddel og om tre dramaturgimodellar som du kan bruke i planlegging og analyse av medieproduksjonar.
Jente med hodetelefoner og grønn T-skjorte sitter foran en datamaskin og snakker i mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dramaturgi

Kunnskap om dramaturgi kan gjere det enklare å fortelje gode historier. Omgrepet blir gjerne assosiert med korleis forteljinga i teaterstykke, filmar og bøker er bygd opp. Dramaturgi er også viktig i design og produksjon av andre medieforteljingar. Eksempel på dette kan vere reklame- og informasjonsfilmar, podkastar og nyheitsinnslag.

Ordet dramaturgi stammar frå det greske ordet dramatúrgein, som tyder å komponere eit drama. I boka Poetikken forklarte Aristoteles allereie i år 335 f.Kr. korleis konfliktane mellom hovudpersonane i eit drama driv handlinga framover. Aristoteles delte dramaet inn i tre hovuddelar: byrjing, midte og slutt. I dag blir dei same prinsippa brukte som verkemiddel i ei rekkje ulike medieproduksjonar.

Dramaturgimodellar

Medieproduksjonar kan byggjast opp på ulikt vis, og det finst fleire modellar for dette. Desse modellane kan brukast som retningslinjer når du skal planleggje og designe ein medieproduksjon. Dei kan også brukast når du skal analysere ulike medieforteljingar. I denne presentasjonen kan du lære meir om desse dramaturgimodellane: APUS-modellen, Den lineære modellen (Hollywood-modellen) og den episodiske modellen.

APUS-modellen

APUS-modellen blir ofte brukt for å beskrive den vanlegaste dramaturgien i eit nyheitsoppslag. Modellen eignar seg også godt til å strukturere forteljingar med lyd. I ei lydforteljing blir anslaget brukt til å fange interessa til publikum. Dette blir gjerne gjort ved bruk av lydkulissar, musikk eller kontentum (miljølyd). Sjølve saka blir så gjennomgått i presentasjonen. I utdjupinga får publikum meir informasjon, svar på spørsmål og ytterlegare opplysningar om saka. Slutten kan innehalde ei siste avgjerande opplysning, konkludere eller for eksempel runde av saka.

Illustrasjon av dramaturgimodellen APUS. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den lineære modellen (Hollywood-modellen)

Den lineære dramaturgimodellen byggjer på Aristoteles sine tankar om korleis historia i eit drama bør byggjast opp. I spelefilmar og romanar kan forteljaren bruke lang tid på å introdusere hovudpersonane og konfliktane. Denne delen blir derfor kalla introduksjonen. Konfliktane blir deretter trappa langsamt opp mot eit høgdepunkt (klimaks). Denne delen kallar vi komplikasjonen. I den avsluttande delen av forteljinga, resolusjonen, blir spenninga utløyst, og alle brikkene fell på plass.

Mange spelefilmar er bygde opp på denne måten. Derfor er det vanleg å kalle denne dramaturgiske modellen for Hollywood-modellen.

Modell som viser en lineær dramaturgi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Episodisk dramaturgimodell

Ein episode i ein føljetong har eit anna forteljingsmønster. Her er det om å gjere å avslutte kvar episode på ein måte som gjer tilskodaren eller lesaren ekstra spente på kva som skjer neste gong. Episoden sluttar derfor når spenninga er på topp.

Den episodiske forteljemåten er vanleg i TV-seriar, men vi finn han også i andre medieproduksjonar. I den populære amerikanske podkasten Serial blir lyttarane med tilbake i tid for å granske ei drapssak frå 90-talet. Dei ulike episodane i podkasten blir avslutta med ein spenningstopp, slik vi er kjende med frå TV-seriar. Lyttarane må høyre neste episode for å få med seg kva som skjer vidare.

Illustrasjon som viser en episodisk dramaturgimodell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dramaturgiske verkemiddel

Dei ulike delane av ein medieproduksjon blir sett saman på ein slik måte at vi opplever ein logisk samanheng. Dette kan også kallast for plott. Når du skal setje saman historia, kan du bruke fleire ulike verkemiddel.

Verkemidla er dei grepa og metodane du vel å bruke for å drive forteljinga framover. Dette kan vere: korleis karakterane blir framstilte, på kva måte konflikt er til stades i forteljinga, og om historia har eitt eller fleire overraskingsmoment.

Karakterar

Aktørane i ei forteljing kallar vi karakterar. Dynamiske karakterar utviklar og endrar seg i løpet av handlinga. Statiske karakterar endrar seg ikkje. Ei god forteljing er avhengig av klare konfliktlinjer.

Hovudpersonane i medieforteljingar har derfor ofte markante karaktertrekk. I reklamefilmar møter vi gjerne karakterar som er stereotypiske og lette å «lese». Dei er gode, kloke, slemme eller dumme. Journalistiske forteljingar fokuserer oftare på einskildpersonar (case) enn på meir diffuse aktørar som organisasjonar eller institusjonar.

Konflikt

Konflikt er eit verkemiddel som skapar spenning. Ein god forteljingsstruktur er med på å skape engasjement og innleving hos publikum. Forteljinga i spennande filmar er gjerne bygd opp slik at det er vanskeleg å skru av TV-en før filmen er ferdig.

Det same konfliktbiletet og den same spenningsutviklinga blir også brukt innan journalistikken. I forbrukarserien TV 2 hjelper deg møter vi eitt eller fleire «offer» (forbrukarar) som er vortne narra av «vonde krefter» i marknaden. TV 2 står fram som «den gode hjelparen» i forteljinga som steg for steg avslører skurken. Som andre TV-forteljingar endar også denne med at offeret får oppreising.

Planting og hausting

Ei god historie må kunne overraske mottakaren. Men det bur ein detektiv i oss alle. Derfor elskar vi forteljingar som gir små hint om det vi har i vente. Dersom ein av karakterane i ein film plutseleg trekkjer ein pistol opp frå innerlomma, er det svært sannsynleg at denne pistolen dukkar opp att litt seinare i filmen. I norskfaget blir dette gjerne kalla frampeik. I mediefaget snakkar vi om planting og hausting. På engelsk bruker dei nemningane set-up og pay-off.

Som mottakar opplever vi djup tilfredsstilling når det vi berre har ana, etter kvart viser seg å stemme. I fantasy-serien Game of Thrones går utsegna «Winter is coming» att i fleire episodar. «Winter is coming» har fleire tydingar, som blir bestemt ut frå den samanhengen det blir brukt i. Det kan peike på den kalde, ugjestmilde vinterverda som deler Game of Thrones-universet i to, og det kan handle om heilt konkrete meteorologiske forhold. Det er også mottoet til Stark-familien – ein av familiane vi blir kjende med i serien.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson Jensen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Analyse av fiksjonsfilm