Hopp til innhald

Fagstoff

Kontrast

I mediedesign kan ein komposisjon bestå av fargar, tekstar, typografi, bilete og illustrasjonar. Vi ønskjer å setje desse elementa saman på ein god måte slik at meininga kjem fram.
Ittens fargekontraster. Fotocollage
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontrastar gjer element synlege

Ordet kontrast tyder forskjell. Det er kontrast når noko skiljer seg sterkt frå noko anna. Kontrastar framhever element og gjer dei synlege. Dei er derfor viktige for å kommunisere ein bodskap. Det er fargekontrasten mellom dei svarte bokstavane og den kvite bakgrunnen på denne sida som gjer at du kan lese det som står her.

Kontrastar skapar liv og spenning

Kontrastar har også innverknad på kor spennande eit design blir. Monotone og lite varierte design kan fort bli keisame og vekkje lite merksemd, mens kontrastar er med på å skape liv og spenning. Det er derfor lurt å bruke kontrastar for å skape brott i designet. Men det er like viktig at du øver deg på å bruke dei rett. Om du bruker for mange, kan dei verke som støy og ta merksemda bort frå det du vil syne fram.

Bilder med kontraster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontrastar kan framheve motiv. Kva blir framheva i biletet til venstre ? Mange kontrastar gjer at vi ikkje veit kva vi skal feste blikket på. Då vert det støy.

Framhev det som skal vere synleg

Vi kan bruke store eller små kontrastar, alt etter kor synleg vi ønskjer at noko skal vere. Ved å variere bruken bestemmer vi kva som er mest viktig, nest mest viktig osv. Slik styrer vi kva lesaren skal sjå først, og får framheva bodskapen i produktet vi lagar.

Store og små kontrastar er altså like bra, men du må velje ut frå kva du skal kommunisere. Store kontrastar gir store forskjellar og vil verke meir dynamisk enn eit design med mindre kontrastar, som vil verke rolegare og meir harmonisk. Noko som har stor kontrast, skiljer seg mykje frå resten av designet, mens ein liten kontrast vil vekkje mindre merksemd.

Grafisk eksempel på kontraster. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til refleksjon

Korleis er kontrastar brukte til å framheve bodskapen i denne reklamen?

Eplehuskartong fra Lerum vist med grønne epler rundt mot en bakgrunn av fjellnatur. Illustrasjon.
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2018

Læringsressursar

Komposisjon