Hopp til innhald

Fagstoff

Symmetrisk og asymmetrisk balanse

Ordet balanse tyder likevekt. Balanse i grafisk design handlar om å plassere element slik at vi får ei kjensle av balanse i komposisjonen. Symmetri er når element i ein komposisjon blir plassert etter ein midtstilt akse. Også ein asymmetrisk komposisjon kan vere i balanse.
Komposisjon med to sirklar som illustrerer balanse og ubalanse. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ubalanse og balanse

Balanse i grafisk design handlar om å plassere element slik at vi får ei kjensle av balanse i komposisjonen. Det kan følgje ubehag eller ei kjensle av at noko er feil med komposisjonar som ikkje er i balanse.

Ved ubalanse i eit design vil det sjå ut som det er tyngre på ei side. Eitt stort element på ei side av ei flate kan vege opp for fleire små på den andre sida. Kontrasten mellom det sorte på den store kvite flata veg opp for den store formen på venstre side.

Ein komposisjon kan vere både symmetrisk og asymmetrisk og likevel vere i balanse. Anten du vel det eine eller det andre som verkemiddel, bør det passe til føremål og bodskap.

Symmetrisk balanse

Komposisjon med sirklar og strekar som illustrerer symmetri. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når noko er midtstilt rundt ein akse, er det symmetrisk. Denne typen balanse blir ofte kalla harmonisk.

Begge illustrasjonane er komponert rundt ein midtakse. Formene er stiliserte, og ser ut til å vere speilvende frå midten av ramma.

Filmplakat til dokumentarfilmen Drone. Foto.

Å lage eit symmetrisk design handlar om å midtstille ein tekst, plassere eit bilete på midtaksen osv.

Kanskje har du oppdaga at mange filmplakatar er komponert etter ein midstilt, horisontal akse.

Asymmetrisk balanse

Asymmetrisk komposisjon kan kallast dynamisk.

Når du bruker asymmetri, kan nokre av elementa vere plasserte til venstre, mens andre står til høgre i komposisjonen. Du må berre passe på at dei er likt fordelt mellom høgre og venstre side på flata.

Komposisjon med sirklar og strekar som illustrerar asymmetri. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å oppnå balanse, eller likevekt, i ein asymmetrisk komposisjon, må vi prøve oss fram ved å flytte element litt opp, ned, til høgre eller til venstre. Dette kan vere ei treningssak, så prøv deg fram til du får kjensla av at det er like «tungt» på begge sider.

Diplom-Is-figurar som ber iskrem. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er det laga balanse i denne asymmetriske komposisjonen?

CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning og Siren Halvorsen.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2018

Læringsressursar

Innføring i grafisk design