Hopp til innhald

Fagstoff

«Slip and cut»-prosedyre for heisespelvaieren

Stålkabelen som ber løpeblokken i boretårnet, blir sliten fordi løpeblokken går opp og ned dei same metrane i boretårnet. Etter ei tid må kabelen trekkjast litt forbi slitasjestaden.
Skissa viser heisespelet i boretårnet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vedlikehald og driftstryggleik på heisespelvaieren

Dagleg visuell inspeksjon og vedlikehald skal forhindre stopp i operasjonen. Dersom vaieren er skadd, må han trekkjast fram (slip) til nytt belastningspunkt.

Det er vanleg å trekkje fram vaieren med faste intervall, innanfor ton-miles-verdigrensa for vaieren som er i bruk. ( tilrår maks 3700 ton-miles på 1" vaier). Kor langt vaieren skal trekkjast fram, blir avgjort av høgda til tårnet og talet trinsar som er i bruk i løpe- og kronblokka. Lengda kan finnast i riggboka.

Når heisespeltrommelen er full (etter 2–4 framtrekk), må vaieren kuttast og det overskytande takast av trommelen. Trommelen skal ikkje tømmast for vaier, han skal ha ei minimumsmengd med rundar med vaier når DDM er senka heilt til boredekket. Lengda som skal kuttast, blir derfor berekna ut frå dimensjonen til trommelen. Framtrekk og kutting er omtalt i slip and cut-prosedyren.

Inspeksjon, vedlikehald og montering av vaier

Katalogen Oil and Gas Users Guide viser ein del informasjon om inspeksjon, vedlikehald og montering av vaier. Teknisk informasjon om stålvaier

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 11.10.2021

Læringsressursar

Hovedsystemer om bord i offshore installasjoner