Fagstoff

Tinn

Publisert: 21.03.2016, Oppdatert: 06.03.2017

Smykke  

Tinn er eit materiale ein kan smelte ved låg temperatur, og er derfor eigna til å lage for eksempel ulike smykke eller brosjer. Her får du eit kort innblikk i litt historie rundt materialet tinn.

Tinn er eit metall som ein har brukt sidan rundt 3000 f.Kr. Ein har gjort ulike funn der tinn er ein del av ulike produkt, som for eksempel brosjer eller ringar som er laga av kopar eller anna metall. Seinare er det og funne fat og koppar som er laga 100% av tinn.

Tinn er eit materiale som smeltar ved låg temperatur (ca. 232 grader), og eignar seg derfor godt til enkle produkt ein kan smelte i ulike former. Ein kan bruke sandformer eller faste former til å smelte tinnet i, men i skulesamanheng er det enklast å bruke gipsformer. Du kan støype med opa eller lukka form.

Gjørtlar

Å bruke tinn er ikkje veldig vanleg, men tar du fagbrev som gjørtlar kan du jobbe med tinn saman med andre metall. Det er ein spennande jobb med mykje tradisjon.