Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er eng og beite?

Eng er eit areal dekt med gras og andre vekstar som blir brukte til slått og beiting. Vi skil gjerne mellom natureng og kultureng, der kulturenga oftast er fulldyrka og tilsådd med grasartar og engbelgvekstar.
Rundballekøyring med traktor og lesseapparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eng og beite i Noreg

God kvalitet på grovfôret er viktig for ha god økonomi i husdyrhaldet. I Noreg er det totale jordbruksarealet på 9,86 millionar dekar (2020), og eng og beite utgjer 6,6 millionar dekar (67 prosent). Arealet for eng og beite på fulldyrka mark i Noreg har gått svakt ned etter 1999, mens arealet for overflatedyrka innmarksbeite har vore stabilt i den same perioden.

Geiter på innmarksbeite. Foto.

Innmarksbeite

I gamle dagar var all eng naturleg eng, og det meste av fôret vart hausta her, utanfor den dyrka jorda. Den dyrka jorda måtte brukast til jordbruksvekstar som korn og etter kvart potet. I dag blir naturleg eng nytta til beite der det ikkje kan haustast maskinelt, og det veks ville, fleirårige grasartar og urter der. I 2020 var innmarksbeitet i Noreg på 1,58 millionar dekar.

Overflatedyrka eng

Dette er grasmark som er omarbeidd i det øvre jordlaget og gjødsla opp, men ikkje pløgd, slik at gras har overteke som hovudvegetasjon. Ho er påverka gjennom beiting og er ofte gammal eng. Arealet overflatedyrka eng i Noreg er lite, og det utgjorde 0,21 millionar dekar i 2020.

Gut sit i graset og klappar ein kalv i ei grøn eng. Foto.

Fulldyrka eng

Fylldyrka eng er kultureng med pløying, drenering, gjødsling og hausting. Slike enger er utsette for intensiv drift, forsuring, pakking og mangelfull drenering. Sådde grasartar og engbelgvekstar taper ofte i konkurransen med ugras og villgras, og engene må derfor pløyast om og såast igjen i avgrensa intervall. Fulldyrka eng er den engtypen vi har mest av i Noreg, med 4,80 millionar dekar i 2020.

Traktor køyrer ut på eng med gjødseltankvogn. Tørr jord skaper støvsky. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

Korleis har beiting og hausting av fôr påverka kulturlandskapet der de bur?

Kjenne de nokre døme på at kulturlandskapet har forandra seg som følge av endringar i måten husdyrhaldet blir drive på?

Kjelde

Statistisk sentralbyrå (2023, 19. mars). Jordbruksarealet held seg stabilt. https://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/artikler-og-publikasjoner/jordbruksarealet-held-seg-stabilt

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2024

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar