Hopp til innhald

Fagstoff

Oppbygging av journalistiske tekstar

Når journalisten skal skrive ei sak, tar ho eller han i bruk ulike skrivemodellar. Det gjer det lettare å disponere teksten.
Kollegaer med bærbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppbygging av saka

Ei avissak blir bygd opp med tittel, ingress, brødtekst, bilete og bilettekst. Det er viktig at det er samanheng mellom dei ulike elementa. Gjennom ein tydeleg tittel og ingress skal journalisten vekkje interesse, og lesaren skal få nok informasjon til å vite kva saka handlar om. Brødteksten gir fleire detaljar og meir utfyllande bakgrunn om saka.

Oppdelt trekant som inneheld tittel, ingress og brødtekst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den omvendte pyramiden

Journalisten vel skrivemodell ut frå kva type sak ho eller han jobbar med. Nyheitsartiklar blir stort sett skrivne etter skrivemodellen den omvende pyramiden. Her blir den viktigaste informasjonen presentert først, i tittelen og ingressen.

Sjølve hovudpoenget kjem i tittelen. Ingressen skal innehalde sentrale og viktige opplysningar, som kven og kva saka handlar om. I brødteksten gir journalisten fleire detaljar og bakgrunn for saka. Opplysningane i saka blir altså sortert etter kva som er viktigast, det minst viktige skal stå til slutt.

Fisken

Modell med ein fisk med eit stort gap. Tekst går inn mot dei ulike delane av fisken. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reportasjen har ei anna oppbygging. Veldig ofte blir skrivemodellen fisken brukt. Fisken har eit hovud og ein kjeft med eit kraftig bitt. Saka byrjar med eit anslag eller ei fengjande opning som er interessevekkjande.

Midtpartiet, eller kroppen til fisken, gir utdjupande og forklarande informasjon. Eit godt poeng blir gjerne spart til slutt og kan samanliknast med ein snert med halestykket.

Omgrep

  • Tittel: signaliserer kva saka handlar om
  • Byline: namnet på den som har skrive saka
  • Ingress: gir svar på dei viktigaste spørsmåla lesaren har, maks. 30 ord
  • Brødtekst: utdjupande tekst som er delt opp i avsnitt
  • Mellomoverskrift: ei mindre overskrift som markerer eit hovudavsnitt i brødteksten og seier noko om innhaldet i avsnittet
  • Bilettekst: fortel kva biletet viser og gir utdjupande informasjon
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Ragnhild Risholt Kleppe og Jostein Saakvitne.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2019

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag