Fagstoff

Soling

Publisert: 05.07.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Sola

Vil du ha ei flaske tran eller ein halv time i sola? Begge delar gir deg like mykje D-vitamin.
Sol på huda i passande mengd kan gi mange positive verknader på helsa. Overdriven soling er derimot skadeleg.

Mann sitter under parasoll på en strand. Foto.Soling under parasoll.  

 

 

Tran som tømmes i en skje. Foto.Ei lita flaske tran og ein halv time i sola gir like mykje D-vitamin.  

Fakta om soling

  • Lys og varme frå solstrålane påverkar menneske, dyr og plantar, og livet på jorda kan ikkje eksistere utan energien frå sola.
  • Positive resultat er produksjon av D-vitamin og – for mange – danning av melanin som gir den fine, brune fargen.
  • Det er berre UVB-strålane som får huda til å danne D-vitamin.
  • I Noreg er det berre midt på dagen i sommarhalvåret at UVB-strålane når fram og dannar vitamin D i huda vår.
  • Vi får nok vitamin D ved å sole oss dagleg i ti minutt når sola står høgt på himmelen. Ein treng ikkje å kle av seg alt. Det held å blotte armar og ansikt.
  • 30 minutt sol gir oss like mykje D-vitamin som ei lita flaske med tran. 1
  • Solinga får oss òg til å føle psykisk velvere.
  • Negative resultat av soling er at ein kan bli solbrend, at huda blir elda, og sist, men ikkje minst, auka risiko for hudkreft.
  • Noreg er på verdstoppen når det gjeld føflekkreft. 2
  • Brun hud toler meir sol utan å bli solbrend, fordi pigment er vernet huda har mot UV-strålane.
  • Brune auge toler meir sollys enn blå auge, utan å få skade av UV-lyset.
  • Mørkhuda menneske i det kalde nord kan få D-vitaminmangel fordi dei treng meir sollys for å utvikle nok D-vitamin.3
  • Tildekking av kroppen under oppvekst og i voksen alder (hijab, burka og niqab) kan føre til D-vitaminmangel og dermed skjelettsjukdommar.4
  • Hudsjukdommar som psoriasis, atopisk eksem, akne (kviser) og kløe blir som regel mykje betre om sommaren når huda får sollys. Om vinteren kan lysbehandling brukast for å etterlikne verknaden av sollys.

Historikk om soling

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald