Hopp til innhald

Fagstoff

Kostråda frå helsestyresmaktene

Det du et, påverkar helsa di. Helsedirektoratet har gitt ut råd til den norske befolkninga for å oppretthalde god helse og for å førebyggje livsstilssykdommar. Det er tilrådd at dei fleste, både barn, ungdommar, vaksne, gravide, ammande og eldre, følgjer desse råda.

Kostråda kan òg gjerne blir følgde ved auka sjukdomsrisiko som høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdommar. Ved spesielle tilstandar (sjukdommar) kan det vere behov for tilpassa kost.

Kostråda kort oppsummerte

Et meir av dette:

  • grønsaker

  • frukt

  • bær

  • fisk og fiskeprodukt

Et mindre av dette:

  • raudt kjtt og tilarbeidd kjøt

  • salt og matvarer med mykje salt

  • sukker, brus, saft og godteri

Vel desse matvarene:

  • grove kornprodukt i staden for fine

  • olje og mjuk margarin i staden for smør

  • magre meieriprodukt i staden for feite

  • vatn i staden for saft og brus

I tillegg bør du ete variert og vere i fysisk aktivitet minst 30 minutt kvar dag.

Råda byggjer på forsking

Dei tolv kostråda byggjer på solid forsking og er utarbeidde i nært samarbeid med og vedtekne av Nasjonalt råd for ernæring, og råda om fysisk aktivitet er i tråd med råda frå Nasjonalt råd for fysisk aktivitet.

Dei 12 kostråda
  1. Ha eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder tilarbeidd kjøt, raudt kjøt, salt og sukker.

  2. Ha ein g​od balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbruker gjennom aktivitet.

  3. Et minst fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag (fem om dagen).

  4. Et grove kornprodukt kvar dag.

  5. La magre meieriprodukt vere ein del av det daglege kosthaldet.

  6. Et fisk til middag to til tre gonger i veka.

  7. Vel magert kjøt og magre kjøtprodukt. Avgrens mengda tilarbeidd kjøt og raudt kjøt.

  8. Vel matoljer, flytande margarin og mjuk margarin framfor hard margarin og smør.

  9. Vel matvarer med lite salt, og avgrens bruken av salt i matlaginga og på maten.

  10. Unngå mat og drikke med mykje sukker til kvardags.

  11. Vel vatn som tørstedrikk.

  12. Ver fysisk aktiv i minst 30 minutt kvar dag

Ei kvinne sit ved eit bord og et salat og drikk appelsinjus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Helsenorge. (2019, 17. desember). Helsedirektoratets kostråd. https://www.helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/kostrad/

Nasjonalt råd for ernæring. (2011, januar). Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer. Metodologi og vitenskapelig kunnskapsgrunnlag (IS-1881). Helsedirektoratet. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/kostrad-for-a-fremme-folkehelsen-og-forebygge-kroniske-sykdommer-metodologi-og-vitenskapelig-kunnskapsgrunnlag/

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil