Hopp til innhald

Fagstoff

Kostsirkelen

Kostsirkelen er eit hjelpemiddel i kostplanlegginga. Matvarene er delte inn i fem grupper i sirkelen, og storleiken på felta viser kva vi bør ete mest av.
Kostsirkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I kostsirkelen er matvarene delte inn i fem grupper:

  1. kornvarer og poteter
  2. grønsaker, frukt og bær

  3. meieriprodukt

  4. kjøtt, innmat, fisk, egg og belgfrukter

  5. margarin, smør og oljer

Ut frå kostsirkelen kan vi gi desse kosthaldsråda:

  • Vegetabilske matvarer bør utgjere hovuddelen av kosthaldet.
  • Animalske matvarer bør utgjere ein mindre del av kosthaldet.
  • Feitt og feittrike matvarer bør berre utgjere ein liten del av kosthaldet.
  • Sukker og sukkerrike matvarer finst ikkje i kostsirkelen, og slike produkt treng vi ikkje i eit sunt kosthald.
CC BY-NC-SASkrive av Asle Holthe. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 19.10.2022

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil