Hopp til innhald

Fagstoff

Kor ofte bør du ete?

I løpet av ein dag et du fleire små og større måltid. Dei er sette saman av mange ulike matvarer. Kva matvarer du vel, og korleis du vel å lage dei til, betyr mykje for om du kan seie at du har eit sunt kosthald eller ikkje.
Foto av to elevar på vidaregåande skule som sit i kantina og et lunsj saman.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måltidsrytme

Hjernen har eit stort behov for energi, og går det for lang tid mellom måltida, vil vi kjenne oss slappe og ukonsentrerte. For at vi skal halde blodsukkeret jamt og dermed unngå dette, blir vi anbefalte å ete kvar tredje eller fjerde time. Ein vanleg rytme er derfor å ha tre eller fire hovudmåltid i løpet av ein dag: frukost, lunsj, middag og eventuelt kveldsmat. I tillegg kan vi trenge eitt til to mindre mellommåltid.

Start dagen med frukost!

Mange hevdar at nettopp frukosten er dagens viktigaste måltid. Samtidig veit vi at mange synest det er vanskeleg å ete tidleg om morgonen. Forbrenninga er nedsett om natta, og vi seier at kroppen er i ein fastetilstand.

  • Frukosten vil få forbrenninga i gang igjen.
  • Utan frukost vil du vere så svolten når det er tid for lunsj, at du lett gjer lite fornuftige val av mat og drikke.
  • Forsking viser at dei som et ein skikkeleg frukost, har mindre trong til sukker og søtsaker utover dagen.

Om du har dårleg tid, kan ein yoghurt, ei frukt eller eit glas mjølk vere løysinga. Har du betre tid, bør frukosten bestå av grove kornprodukt, pålegg av kjøtt, fisk eller bær, ei frukt og eit glas jus eller mjølk.

Foto av eit måltid som består av blautkokt egg i eit eggeglas, eit glas mjølk, ein bolle med frukostblanding, eit par knekkebrød og eit eple.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre brødmåltid: lunsj og kveldsmat

Når det nærmar seg lunsjtid, har det gått 3–4 timar sidan frukost, og det er på tide å fylle på med mat og drikke igjen. Som skuleelev skal du vite at det finst retningslinjer for skulemåltidet frå Helsedirektoratet. Ikkje alle skular har eiga kantine, men alle kan klare å få til eit mattilbod som er basert på desse retningslinjene:

  • varierte og grove brødvarer
  • lettmargarin eller mjuk margarin
  • variert pålegg
  • frukt og grønsaker
  • skumma mjølk og lettmjølk
  • jus og kaldt drikkevatn

Skulane bør ikkje tilby elevane brus og saft, potetgull, snacks og godteri, og heller ikkje kaker, vaflar og bollar til dagleg. Dette er matvarer som får blodsukkeret til å stige kraftig, men også til å gå raskt ned igjen. Det fører til at mange etter kort tid blir trøytte og uopplagde igjen. Dermed er dei slett ikkje klare for resten av dagens gjeremål.

Kveldsmaten er ein naturleg del av eit kosthald. Han består stort sett av det same som frukosten – altså brødmat med eit fornuftig utval av pålegg og drikke i form av mjølk eller jus.

Middagsmåltidet

Vi har lange tradisjonar for eit varmt middagsmåltid. Det er mykje å velje mellom, og det treng ikkje ta lang tid å lage ein god og næringsrik middag. Tradisjonelt består middagsmåltidet av fisk eller kjøtt, poteter og grønsaker. Med den tilgangen vi i dag har på spennande og sunne råvarer, har vi store variasjonsmoglegheiter når vi skal lage middag.

Når du er litt småsvolten: mellommåltid

Det kan gå lang tid mellom til dømes lunsj og middag. Sørg då for å ha noko sunt å ete. Eit sunt mellommåltid kan til dømes bestå av

  • ei frukt eller grønsak
  • ei brødskive
  • knekkebrød med magert pålegg
  • lettyoghurt
  • eit glas jus eller ein smoothie

Med eit slikt lite tilskot held du blodsukkeret stabilt, du kjenner deg betre og stiller svolten utan å "sprekke" med til dømes ein sjokolade.

Foto av eit glas med gulrotjus. I bakgrunnen ligg brokkoli og frukt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samansetjinga av måltida

"Kva du et mellom nyttår og jul, er viktigare enn kva du et mellom jul og nyttår." Denne utsegna seier noko om at det er det vi gjer i det daglege, som avgjer om vi kan kalle kosthaldet vårt sunt eller usunt. Det skal ikkje vere vanskeleg å ete rett, og dei fleste har nok ei oppfatning av kva dette inneber. Helsedirektoratet gir nokre tilrådingar for kosthaldet som – dersom du følgjer dei – sikrar at kroppen får det han treng av viktige næringsstoff, og som dermed gir helsegevinstar.

I ulike media får vi stadig kostråd frå meir eller mindre seriøse aktørar, og du skal ha litt kunnskap på området for ikkje å ta alt for god fisk.

Kunnskapen til fagarbeidaren er viktig

Som fagarbeidar innanfor restaurant- og matfag må du altså kunne meir enn å synse på dette området. Du må ha kunnskapar om samansetjinga i kosten, slik at du kan lage mat med rett ernæring og gi kvalifiserte råd til andre om temaet. I dag veit vi mykje om korleis vi kan førebyggje fleire livsstilssjukdommar ved å ha eit sunt kosthald, og då bør vi handle deretter.

CC BY-NC-SASkrive av Sylvi Skjelstad.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2022

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil